Skriftlig spørsmål fra Kirsti Bergstø (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1348 (2021-2022)
Innlevert: 21.02.2022
Sendt: 22.02.2022
Besvart: 02.03.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Kirsti Bergstø (SV)

Spørsmål

Kirsti Bergstø (SV): Hvordan vil statsråden følge opp innspill fra blant annet sykepleierforbundet, slik at alle parter blir hørt, også arbeidstakersiden, i forbindelse med vurderingen av om liv og helse er i fare under en streik, for å sikre at alle arbeidstakere har en reell streikerett?

Begrunnelse

Våren 2021 ble det brukt tvungen lønnsnemd mot streikende uten at arbeidstakersiden ble konsultert i forbindelse med avgjørelsen om å bruke tvungen lønnsnemd. Det er avgjørende for fagbevegelsens kampkraft og rettferdig fordeling i samfunnet å sikre alle arbeidstakere reell streikerett. I fjor ble streiker avblåst med fare for liv og helse som begrunnelse, uten at arbeidstakersiden fikk komme med sine vurderinger. I et intervju til NRK sier statsråden 20. februar 2022 at:

«når sykepleierforbundet gir denne typen tilbakemelding, så er det noe jeg tar med meg i det videre arbeidet. Men jeg kommer ikke nå til å varsle noen endringer i hvordan vi løser akkurat dette».

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Partane i arbeidslivet har ansvar for lønnsfastsettinga gjennom forhandlingar. Arbeidskamp er lovlege og legitime middel for å fremma økonomiske og faglege rettar i arbeidslivet. Det er heilt sentrale verkemiddel og ein føresetnad for ein reell organisasjonsfridom.
Det er partane som har ansvar for konsekvensane av konflikten, òg når desse går ut over tredjemann. Partane må sjølv vurdere om eit streikeuttak er forsvarleg, og når det er naudsynt med dispensasjonar. Dei kan òg gjera førehandsavtalar om naudsynt bemanning for at ikkje liv og helse skal bli trua. Slik kan partane sjølv unngå at ein streik må stoppast.
Det er ikkje permanent lovgjeving som regulerer når styresmaktene kan gripa inn og stoppa ein streik. Det er likevel ein lang praksis for at dersom ein streik truar liv og helse, eller har alvorlege samfunnsmessige konsekvensar kan styresmaktene gå inn og leggja ned eit forbod mot vidare streik i den aktuelle saka. Å stanse ein streik er ikkje er noko regjeringa ynskjer å gjere, men som likevel nokre gongar er naudsynt.
Helsetilsynet er ansvarleg myndigheit for å føra tilsyn med at helsetenestene i Noreg blir drivne på ein forsvarleg måte. Dei er derfor òg rett myndigheit til å gjera den faglege vurderinga av om helsetenestene blir drivne på ein forsvarleg måte i den situasjonen som følger av ein konflikt.
Helsetilsynet gjer dei undersøkingane dei treng for at dei skal ha all naudsynt informasjon for å gjera vurderinga si. Helsetilsynet forheld seg i desse sakene til den som har ansvaret for at verksemda leverer forsvarlege helsetenester. Utgangspunktet er at dei som er ansvarlege for drifta på ein institusjon som er ramma av streik rapporterer om situasjonen til fylkeslegen. Fylkeslegen rapporterer vidare til Helsetilsynet. Det hender òg at tilsynet går i direkte dialog med verksemdene for å få full oversikt over situasjonen, og ytterlegare informasjon om til dømes i kva grad dei har nytta seg av avhjelpande tiltak for å sikra forsvarleg drift utan å gripe inn i streiken. Dette er naudsynt for å vere sikre på at vurderinga bygger på rett grunnlag, og at verksemdene har gjort det dei kan for å sikra pasientar og brukarar.
Den vurderinga som Helsetilsynet gjer, er ei fagleg vurdering basert på den faktiske situasjonen. Det er ikkje ei vurdering av konflikten mellom partane eller framferda deira; men om pasientar og brukarar blir utsett for fare som ein konsekvens av streiken.
Denne helsefaglege vurderinga kan ikkje overprøvast av andre aktørar, og at det faglege ansvaret ligg hos Helsetilsynet.
Eg ynskjer å ha ein dialog med partane om måtar vi kan unngå å måtte gripa inn i ein konflikt. Nøkkelen til dette ligg hos partane, som sjølv har ansvaret for konflikten, og derfor er nærast til å løyse dette.