Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1352 (2021-2022)
Innlevert: 23.02.2022
Sendt: 23.02.2022
Besvart: 28.02.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Leiaren i transportkomiteen, Erling Sande, har uttalt at fleire store viktige veg- og jernbaneprosjekt skal stoppast og utsettast i tid.
Er dette regjeringa sin politikk, og støttar samferdselsministeren leiaren frå Sp i transportkomiteen i dette?

Begrunnelse

Leiaren i transportkomiteen, Erling Sande, frå Sp har uttalt : «–Er det nødvendig med firefelts motorveg til alle dei store byane, og kor langt vekk frå Oslo treng vi jarnbane med to spor, spør Erling Sande (Sp), som sit i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget».
Leiaren i transportkomiteen peikar på at følgjande prosjekt må utsetjast: «Det er nokre av desse pengane Sande vil flytte på".
Konkrete prosjekt han meiner kan utsettast i tid eller nedskalerast er mellom anna:

• Ytre Intercity (Jarnbane med dobbeltspor Oslo, Halden, Lillehammer, Porsgrunn og Hønefoss).
• Firefelts motorveg i Gudbrandsdalen (E6)
• Firefelts motorveg i Trøndelag (E6)
• Hordfast (E39)
• Firefelts motorveg på Sørlandet (E18) (E39)
• Bru over Sognefjorden (E39)

Sande presiserer at dei nemnde prosjekta «kvar for seg er gode», men at vegvedlikehald, rassikring og fylkesvegnettet hastar meir».
Men, korleis i alle dagar heng dette i hop med at Sp vil byggje Møreaksen, snart 400 m under Romsdalsfjorden, med firefelts verdensrekord i både undersjøisk tunnel og bru til mange titals milliard kroner.
Leiaren i transportkomiteen peikar på at følgjande prosjekt må utsetjast: «Det er nokre av desse pengane Sande vil flytte på. Konkrete prosjekt han meiner kan utsettast i tid eller nedskalerast er mellom anna:

• Ytre Intercity (Jarnbane med dobbeltspor Oslo, Halden, Lillehammer, Porsgrunn og Hønefoss).
• Firefelts motorveg i Gudbrandsdalen (E6)
• Firefelts motorveg i Trøndelag (E6)
• Hordfast (E39)
• Firefelts motorveg på Sørlandet (E18) (E39)
• Bru over Sognefjorden (E39)

Sande presiserer at dei nemnde prosjekta «kvar for seg er gode», men at vegvedlikehald, rassikring og fylkesvegnettet hastar meir».

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Stortingsbehandlinga i vår av Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP) viste ei brei politisk semje om framleis satsing på transportinfrastruktur. Infrastruktur som veg, jernbane, hamnar, ferjar og flyplassar bind Noreg saman og er heilt avgjerande for busetjing, næringsliv og arbeidsplassar i heile landet.
Regjeringa har i Hurdalsplattformen slått fast at det skal lagast ein forpliktande plan for opprusting av fylkesveg og utarbeidast ein nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksvegar og fylkesvegar med høg og middels skredfaktor.
Regjeringa vil føre ein offensiv jernbanepolitikk og vil prioritere at jernbanen utviklast til det beste for dei reisande og godsselskapa. Ambisjonane for InterCity ligger fast. Gjennomføringstakta må tilpassast planrammene som følgjer av NTP og oppfølginga i dei årlege budsjetta. Realisering av dei påbyrja effektpakkane vil i tida framover gi vesentlege forbetringar i tilbodet for dei reisande på både indre og ytre InterCity. Regjeringa vil leggje fram sitt forslag til videre realisering av ambisjonane for InterCity i neste NTP.
Når det gjeld planar for utbygging av prosjekt i NTP 2022-2033 så legg regjeringa til grunn at NTP skal gjennomførast. I tråd med arbeidet til transportverksemdene med optimalisering og porteføljestyring skal det jobbast vidare med prosjekta som er nemnde i meldinga, med sikte på å auka nytten og redusera kostnadene for desse. Dette kan innebera at prosjekt endrar plass i prioriteringsrekkefølgja til verksemdene, og at det å vera nemnt i NTP ikkje er ein garanti for gjennomføring uavhengig av mellom anna kostnadsutviklinga i prosjektet.