Skriftlig spørsmål fra Per-Willy Amundsen (FrP) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1371 (2021-2022)
Innlevert: 24.02.2022
Sendt: 24.02.2022
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 08.03.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Per-Willy Amundsen (FrP)

Spørsmål

Per-Willy Amundsen (FrP): Hva er fremdriftsstatus på anmodningsvedtaket om forbud mot ekteskap mellom søskenbarn, og når kan det ventes at de nødvendige lovendringer fremlegges for behandling i Stortinget?

Begrunnelse

Det ble den 03.11.2020 gjort anmodningsvedtak i Stortinget, hvor regjeringen ble bedt om å fremlegge for Stortinget de nødvendige lovendringer for å forby ekteskap mellom søskenbarn. Forslaget ble vedtatt av et flertall bestående av Fremskrittspartiet, Arbeiderpartiet og Senterpartiet.
Med den tiden som har gått siden vedtaket, er det naturlig å etterspørre status for fremdriften i dette arbeidet. Det er videre ønskelig å få en tilbakemelding på når det kan ventes at de nødvendige lovendringer vil fremlegges for behandling i Stortinget.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Departementet har orientert Stortinget om oppfølginga av vedtaket på side 31 i budsjettproposisjonen til Barne- og familiedepartementet for 2022
Som ein del av oppfølginga av oppmodingsvedtaket har Barne- og familiedepartementet funne det naudsynt å gjere ei vurdering av dei menneskerettslege følgjene av eit forbod. Handlingsrommet etter menneskerettane og EØS-retten kan leggje føringar for val av framgangsmåte i denne saka. Det vil særleg gjelde dersom menneskerettane set grenser for korleis eit lovforbod kan utformast. Ei vurdering av menneskerettane vil òg kunne verke inn på kva for nokre utgreiingar som er naudsynte og føremålstenlege.
Departementet har difor bede Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) om å greie ut det menneskerettslege handlingsrommet som gjeld for det vidare arbeidet med oppfølging av vedtaket. I ei slik utgreiing vil mellom anna praksis frå Den europeiske menneskeretts-domstolen vere sentral. Departementet har no vore i kontakt med NIM, som opplyser at dei vil levere rapporten sin om søskenbarnekteskap innan påskeferien. Rapporten vil vere offentleg, og vil vere viktig for den vidare utgreiinga til departementet.
Ekteskap mellom søskenbarn som bur i Noreg kan vere inngått etter norsk rett eller etter utanlandsk rett der partane har tilknyting til ein annan stat. Eit forbod i ekteskapslova vil som utgangspunkt berre gjelde for ekteskap som blir inngått her i landet. I mange land i verda er søskenbarnekteskap tillate. Når søskenbarnekteskap blir forbode i Noreg, vil personar som er busette i Noreg kunne reise til andre land og inngå ekteskap der. I andre tilfelle kan søskenbarn, som ikkje har hatt noko tilknyting til Noreg, ha inngått ekteskap i heimlandet lenge før dei flytta til Noreg. I slike tilfelle reiser det seg spørsmål om ekteskap som er inngått mellom søskenbarn i utlandet skal reknast som gyldige (verte anerkjent) i Noreg. Dette er spørsmål som må vurderast nærare i ei lovutgreiing, både når det gjeld menneskerettane, men også etter EØS-retten.
Eg vil òg vise til prosjektet til Folkehelseinstituttet (FHI) om helsemessige konsekvensar og omfang av søskenbarnekteskap, som vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag i dette arbeidet. Prosjektet starta opp i 2019, og skulle opprinneleg gå over tre år. FHI opplyser no at dei vil levere endeleg rapport før sommaren 2023, men at dei vil levere notat om delar av prosjektet undervegs.
Både rapporten frå NIM og prosjektet til FHI vil verte nytta i arbeidet som departementet er i gang med. Departementet har òg innhenta opplysningar om gjeldande rett i eit utval av europeiske land. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket og framdrifta i denne saka på eigna vis.