Birgit Oline Kjerstad (SV): I budsjettet for 2022, og i avtalen med SV, vart det vedteke eit mål om 10 % marint vern av kyst og havområder innan 2030.
Kan ministeren gjere greie for kva arbeid som er starta på dette området, og korleis regjeringa har tenkt å nå målet om 10 % marint vern av kyst og havområder innan 2030?
Begrunnelse
Det finst over 18 000 marine verneområder i verda. Noreg har i dag 15 marine vernområder. Til tross for at Noreg forvaltar noko av verda sine mest produktive havområder, er berre 4% av norske havområder under norsk jurisdiksjon definert som marine verneområder. Mange stader langs kysten og er det fjordar og havmiljø som treng ei bedre forvaltning. I fleire rapportar peikar havforskarane på at det er nødvendig å sette i verk ei rekke tiltak for å ta bedre vare på økosystemet i havet. Tiltak som også kan innebere å stanse forureining og overgjødsling som blir tilført havet frå land. Det er viktig å utvikle modellar og metodikk for heilheitleg økosystembasert forvaltning, der ein ser på summen av påverknad og reduserer dei faktorane som skader livet i havet. Eit prosentmål for vern må med andre ord fylgjast opp av kva slags vern som er viktig å få gjennomført. Kunnskap om økosystemet må styre vernetiltaka og reguleringane. Ny kunnskap syner at det er ei rekke lokale genetiske variantar av fisk og at desse igjen speler ulike og viktige roller i økosystemet. Forskarane foreslår fiskefrie soner, oppdrettsfrie soner ved gytefelt samt vern av botntyper som tareskogar, ålegrasenger og korallområder, naturtyper ein veit er særleg viktige oppvektsmiljø for smådyr og fisk. Det er i dag eit gap som må tettast mellom forskning og forvaltning på dette området. Arealbruksendringar, overfiske, klimaendringar, forureining og spreiing av framande arter er eksempel på faktorar som trugar artsmangfaldet, og som verneplanar må regulere. Eit nærliggande eksempel på eit område der det hastar med vernetiltak er Oslofjorden. I Hurdalsplattforma er det understreka at langsiktig og berekraftig forvaltning av naturressursane skal vere eit grunnprinsipp for regjeringa. «Regjeringa vil sikre biologisk mangfald og sårbare økosystem gjennom ein kombinasjon av eit nasjonalt regleverk og god langsiktig lokal forvaltning». Det vert videre lagt vekt på at vern av sjeldne artar og naturtypar skal vere kunnskapsbasert og at det skal skje etter naturvitskaplege kriterier. I lys av det auka presset på havområda hastar det med å verne biologisk viktige områder og sørge for ei heilheitleg økosystemforvaltning slik at ein snur den negative bestandsutviklinga av mellom anna hummer og kysttorsk.