Liv Kari Eskeland (H): I regjeringen si annonsering av havvindssatsing 09.02.22, vart det sagt at målet for tildeling av areal skal starte i 2022, og statsministeren uttalte at oppstart av anlegga vil bli innan utgangen av 2020-talet.
Kan regjeringa vise den tidslinja som fører fram til at vi når desse ambisjonane, der alle forutgåande prosesser er teke omsyn til, og også om ei avklaring av tidslinje og tildelingsregime (kvalitative kriterier) også for Utsira Nord?
Begrunnelse
Næringslivet langs vestlandskysten har sidan Energimeldingen kom i juni 2021 jobba for ett nytt industrieventyr for havvind, som skal skape arbeidsplasser og verdiskaping for heile Noreg. Havvindsatsingen kan gje ei industriell utvikling som bygger på den stolte industrien vi har utvikla for olje og gass. Selskap, investorer og kompetanseklynger har i lengre tid vore klare for å ta neste skritt, men har venta på departementet sine avklaringar for kome vidare.
Tempo er viktig for ikkje å tape fart i dette kappløpet, der vi risikerer vi å tape industrisatsingen for land med større ambisjoner enn Noreg. Vi merker oss difor at regjeringa har ambisjonar om å igangsette prosessen for tildeling av areal i 2022. Ei tildeling av areal tidleg i 2023, vil truleg vere avgjerende for å nå regjeringens uttalte mål om installasjon av havvind mot slutten av 2020-tallet.
Næringa har trong for avklaring av fleire forhold, spesielt kring volum og kabelføring. I tillegg er det krav om høyringar og klagerett som må ta si tid, samtidig som finansieringsløysingar må finne sin plass no når prosjekta kan få trong for statsstøtte.
Vi ber derfor om ei tidslinje som reflekterer vidare grunnlagsdokument; framlegging av tilleggsmelding til «energi til arbeid», vegleiar for havvind, høyringsrunde og fastlagt inndeling. Vidare; framlegging av tildelingskriterier, høyring og prekvalifisering, evaluering og klagehandsaming. Og til slutt prekvalifiserte søkjarar sin søknad om areal, evalueringsprosess, tid for kontraktstildeling og klagehandsaming av denne.
Tidslinjene kan gjerne framstillast grafisk.