Birgit Oline Kjerstad (SV): I Hurdalsplattforma seier regjeringa at omsynet til natur og klima skal legge presmissane for all politikk.
Vil statsråden halde lovnaden og sørge for at det vert stilt krav til minstevassføring i Skjoma og andre elver der det no pågår vilkårsrevisjon, slik at laksen igjen kan oppnå ein livskraftig bestand i elva Skjoma og i Norge?
Begrunnelse
I november 2021 kom Nordatlantisk anadrom laksefisk på lista over trua artar for første gong. Det er fleire årsaker til dette. Lakselus, rømt oppdrettslaks og klimaendringer påverkar bestanden av villaks og sjøaure negativt. Men i tillegg er kraftregulering utan krav til minstevasstand eit stort problem for fisken si overleving og reproduksjon.
Den 62 km lange elva Skjoma i Narvik kommune var ein gong i tida ei av landet sine beste lakseelver. I 1969 vart det gitt konsesjon til kraftutbygging i Skjoma, men det vart ikkje stilt vilkår om minstevassføring. Etter at kraftutbygginga var gjennomført i 1973, skjedde det store endringar i elva. Det har seinare vore gjort ei rekke utvidingar og kraftutbyggingar i vassdraget, den siste i 1983. Stadig meir av vatnet som før rann ned Skjoma har gått til kraftproduksjonen og mindre og mindre vatn har blitt att til livet i elva. Dette i tillegg til dei andre miljøfaktorane førte til at den tidlegare store laksebestanden kollapsa og elva vart stengt for fiske i 1997. Norsk institutt for naturforskning (NINA) har fylgt med fisken i elva i mange år, og no krev både lokalbefolkning og forskarar at forholda for laks og sjøaure i elva må betrast i samband med den pågåande vilkårsrevisjonen. Fisken må rett og slett få tilbake litt meir av vatnet slik at egg og larver ikkje blir liggande på tørt land og kulpar botnfrys om vinteren. Det er ikkje mykje som skal til, det må berre takast litt meir omsyn til livet i elva og sikrast ei minstevassføring som gjer at fisk og egg kan overleve sommer og vinter. Lokalbefolkninga meiner at NVE har brukt alt for lang tid på å få gjennomført vilkårsrevisjonen. I 2018 overlevde berre 30% av fisken og i 2021 50%. No meiner bygdefolket og forskarane at det haster med å ta grep for å redde laksen og sjøuren i Skjoma.