Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1528 (2021-2022)
Innlevert: 09.03.2022
Sendt: 10.03.2022
Besvart: 18.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram detaljert status for prosjektet E-134 Bakka -Solheim, også inkl. arm til Bergen?

Begrunnelse

E-134 Bakka -Solheim er eit av dei viktige vegprosjekta som er omtalt i Meld. St 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP) med oppstart i fyrste planperiode, jamf. innst. 653 S (2020-2021) som viser at eit stort fleirtal i Stortinget stiller seg bak.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg vil vise til at Statens vegvesen allereie utfører utbetringsarbeid på deler av strekninga E134 Bakka – Solheim i dag. Når det gjeld vidare arbeid på strekninga, er det frå Statens vegvesen si side lagt opp til start av reguleringsplanarbeidet tidlegast 2024, då med prioritet på den vestlegaste delen Mo – Bakka. Når reguleringsplanarbeidet er ferdig, er prosjektet avhengig av løyvde midlar til investering i statsbudsjettet.
Prosjektet er ikkje prioritert i Nasjonal transportplan, men som det går fram av Innst. 653 S (2020-2021) ga eit fleirtal av partia dette prosjektet støtte i merknadar til innstillinga. Statens vegvesen skal i mai levere sitt forslag til gjennomføringsrekkefølge for prosjekta i NTP (porteføljeprioritering). Eg har bedt om at de i denne samanheng også vurderer prosjekt støtta av eit fleirtal i Stortinget under NTP-handsaminga, blant anna E134 Bakka – Solheim. Eg vil minne om at det ikkje var einigheit om korleis nye prosjekt som ble foreslått tatt inn skulle finansierast. Sjølv om Statens vegvesen er bedt om å ta med fleire prosjekt enn det som er i NTP, må dette skje innanfor uendra rammer. Eg legg vidare opp til at desse prosjekta tas med i den gjennomgangen av vegportefølja i NTP som Stortinget har bede om.
Det pågår eit eige arbeid med konseptvalutgreiing (KVU) «E134 Arm til Bergen». Arbeidet vil mellom anna ta utgangspunkt i utgreiinga frå 2014 om samband mellom Vest- og Austlandet. Vidare ser ein på korleis tema som eksempelvis klima og regionale verknader skal arbeidast vidare med. Statens vegvesen har som ambisjon at KVU-arbeidet kan sluttførast i 2023. Høyring av KVU-rapport og ekstern kvalitetssikring KS1 av KVU-rapporten vil gjerast parallelt, som grunnlag for regjeringa si vurdering.