Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa ta initiativ til å innføre eit utsleppsrekneskap som kartlegg klimagassutslepp frå produksjon og frakt av varer Noreg importerer, og frå forbruk og transport av varer vi eksporterer, samt mål og tiltak for å redusere desse utsleppa?
Begrunnelse
Noreg er ein av verdas største eksportørar av olje og gass, samtidig som vi har eit svært høgt materielt forbruk. Ein stor del av varene og tenestene vi forbruker er importert frå andre land, og fører til klimagassutslepp i dei landa vi importerer frå.
I tråd med internasjonale bokføringsreglar for klimagassutslepp, fell ikkje desse utslippa inn under Noreg sine utsleppsrekneskap. I lys av den nyaste rapporten frå FN sitt klimapanel må alle land no sjå på korleis dei kan kutte utslepp i tråd med ei meir rettferdig ansvarsdeling. Då kan eit utsleppsrekneskap, som også måler effekten av forbruket vårt på utslepp i andre land, vere eit viktig verktøy for å få betre oversikt over kva samla påverknad Noreg sin økonomiske aktivitet har på klimagassutslepp.