Helge André Njåstad (FrP): Er det gjort vedtak i Stortinget der vedtekne øyremerkte planmidlar, kr. 15 millionar, for strekningen Kyrkjenes-Bjotveit på rv. 13 er omdisponert, og er det noko som er til hinder for at Nye Veier AS kan motta øyremerkte midlar, og i dette tilfellet dei øyremerkte planmidlane som omtalt over?
Begrunnelse
Strekningen Kyrkjenes-Bjotveit på rv. 13 i Ullensvang kommune er for smal i høve trafikkmengda i sommarhalvåret. Det fører til kork og kaos.
For å oppretthalde beredskap og flyt i trafikken er det innført verkemidlar som lysregulering og kolonnekøyring på strekningen.
Slike tiltak er sterkt inngripande for fastbuande ved strekningen, næringsliv og turistar.
Frp har difor prioritert planmidlar for denne strekningen med sikte på ein ferdigstilt reguleringsplan, og dermed eit grunnlag for utbetring av strekningen. Dette vart ein del av budsjettforliket i Stortinget vedkomande statsbudsjettet for 2021.
I svar til underteikna opplyser samferdsleministeren at Nye Veier AS snart skal kunngjere oppstart av utbetringsarbeid på rv. 13 mellom Skare og Sogndal. Eg vil bemerke at Nye Veier AS har opplyst at det er for strekningar der det føreligg ferdige planar.
I same svaret opplyser samferdsleministeren også at han ikkje har kunnskap om kva planarbeid Nye Veier AS vil prioritere framover på rv.
13. Det indikerer at omdisponeringa av dei øyremerkte planmidlane ikkje er erstatta av forsikringar frå Nye Veier AS om prioritering av planarbeid for Kyrkjenes-Bjotveit i Samferdsledepartementet sin kontakt med selskapet.