Birgit Oline Kjerstad (SV): Villrein på Hardangervidda vert fortrengt av menneskeleg aktivitet og infrastrurktur. Likevel bli planer som aukar reiselivsaktivitet på og i rundt Hardangervidda godkjent. Tvert imot naturfaglege råd gav kommunaldepartementet løyve til ein heilårs alpinlandsby i Sysendalen i Eidfjord kommune i 2019.
Kva vil Regjeringa gjere for å betre kåra for villreinen på Hardangervidda, og kan utbygginga av fjellandsbyen og andre prosjekt stansast når kvalitetsnormen ikkje er nådd og reinen er blitt raudlista?
Begrunnelse
Noreg har underteikna internasjonale konvensjoner for bevaring av natur og forplikta seg til å arbeide for å stanse tap av biologisk mangfald. I AICHI måla forplikta Noreg seg til å ta tak i dei underliggande årsakene til tap av biologisk mangfald, og stanse tapet av artar innan 2020. Naturpanelet sin rapport frå 2019 peika på at dei fem viktigaste årsakene til tap av artar er menneskeskapte og den aller viktigaste årsaka til artstapet er arealbruksendring og oppstykking av leveområder. Klimaendringane kom på ein tredjeplass over årsaker. Ei meir heilheitleg økosystembasert forvaltning av leveområda til ville dyr er difor nødvendig, skal ikkje fleire arter gå tapt. Noreg forvalter den siste villreinstammen i Europa og har såleis eit særleg ansvar for å ta vare på denne arten og leveområda den er avhengig av. Hardangervidda nasjonalpark er det største samanhengande villreinområdet i landet, og nasjonalparken med omkringliggande omsynsoner er difor svært viktig for overlevinga av arten. Villreinen vert sterkt påverka av endra klima og er difor ekstra sårbar for andre faktorer som reduserere kvaliteten på leveområda. Villreinen er svært sky og den blir sterkt negativt påverka av all menneskeleg aktivitet og infrastruktur. Store utbyggingar som genererer auka ferdsel og aktivitet kan få store fylgjer langt utanfor utbyggingsområdet fordi reinsdyra skyr områda når aktiviteten aukar, sjølv om den har bruk for beita. Oppstykking og auka ferdsel fører til tap av funksjonelt areal. På grunn av stadig meir inngrep, stadig lenger opp og inn i fjellet, marknadsføring av naturverdiar og gamle og nye friluftsaktivitatar, veks presset frå menneskeleg aktiviet. Reinsflokkane vert pressa til å opphalde seg på mindre og mindre områder. Villreinen på Hardangervidda har svekka kondisjon, låge kalvevekter og auka plage med parasittar som fylgje av endringane som skjer. GPS sporing syner at villreinen søkjer til områda med minst ferdsel, sjølv om det ikkje er dei beste beita. vurdering av beitekvalitet er dei vestlege områda mellom anna verdfulle på grunn av geologi og meir mineraler i jordsmonnet enn lenger sør aust på vidda der dyra ofte står. I februar 2022 vart 1000 dyr filma der dei gjekk og beita på det som er regulert til Eidsfjord Resort alpinlandsby.