Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden utsette denne innføringa i revidert slik at man får gjennomført utredning før iverksetting slik Vestland Ap ber om?
Begrunnelse
Vestland Ap er i likhet med FrP opptatt av de småaktørene innanfor havbruk. På årsmøtet denne helga vedtok fylkeslaget ei uttale med overskrifta «Havbruksskatt og lokale arbeidsplasser» der det mellom anna heiter:
«Tilbakemeldinger frå næringa er at skatteomlegginga slik den no framstår, så vil den særleg ramma dei mindre havbruksselskapa som ikkje er børsnoterte aksjeselska p. Ein fryktar at det ikkje vil vera igjen privateigde mindre selskap i vårt område viss formueskatten vert for høg.» Og vidare: «I Hurdalsplattformen har Regjeringa signalisert at ein vil «gjennomgå ordningene med tillatelser i havbruksnæringen for å sikre fortsatt mangfold og lokalt eierskap». Å starte regjeringsperioden med å leggje til rette for at lokalt eigarskap mister konkurransekraft er eit steg i feil retning for å nå dette målet.»