Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1589 (2021-2022)
Innlevert: 16.03.2022
Sendt: 16.03.2022
Besvart: 23.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Har samferdselsministeren tenkt å sjå på ordninga med ansvarsfordelinga på vegnettet i landet, mellom kommune, fylke og stat (Dette for at til dømes fartsgrense og avkøyrslar på fylkesveg vert fylket sitt eige ansvar å handheve, med bakgrunn i at fylka no har rikeleg med kometanse på dette)?

Begrunnelse

Statens vegvesen har i dag ansvaret for vegtrafikklova og frartsgrensefastsetjing på alle vegar, både kommune , fylke, og riksvegar.
Dei gamle riksvegane vart ført over til fylka i 2010, og seinare for nokre år sidan var sams vegadministrasjon mellom Statens vegvesen og Fylka oppheva, og store delar av dei ansatte i Statens vegvesen overført til fylka.
Det er store utfordringar i fylka med tanke på at dei eig, driv og prioriterar, og finansierar sine eigne vegar, medan enkelte viktige ansvarsområder ikkje er råd å handheve.
Det er Fylka sine vegadministrasjonar som har den daglige drifta og oversikta over sine vegstrekningar og samtidig tett samarbeid med kommunane. Det same gjelder ansvaret og handhevinga av søknadar og reguleringa av av- og påkjørslar til fylkesvegane.
Fylka har dei heile og fulle ansvaret for trafikktryggingstiltak på fylkesvegane, men manglar i verktøyskuffa ansvaret for fartsgrenser.
Det verkar lite gjennomtenkt og lite hensiktsmessig at ikkje dei viktigaste ansvarsområda faktisk ligg til vegeigar. Mykje kan tyde på at her er ein del ansvar som "henger igjen" og som ein gløymde å føre over til fylka når resten av ansvaret vart ført over frå staten til fylka.
I resten av vår forvaltning mellom kommunar, fylke, og stat, har ein lagt stor vekt på å delger ansvare lågast mulig. Såleis burde det ver klokt at også fartsgrensefastsetjing kunne ligge til fylkeskommunane for fylkeveg, og kommunane for kommunevegar.
Berre i Møre og Romsdal fekk fylkeskommunen tilført 133 stillingar frå Statens vegvesen, noko som betyr at ein vesentleg del av Statens vegvesen sin tidlegare kompetanse no ligg i fylket. Dette burde tilseie at det no var mest logisk at alle relevante ansvarsområder vart tillagt fylka, og at ikkje unaturlege områder ligg igjen i Statens vegvesen.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I Prop. 79 L (2018-2019) vart det lagt fram forslag til lovendringar som følgje av overføring av fylkesvegadministrasjonen. Her var det mellom anna uttalt at det ikkje vart lagt opp til materielle endringar knytte til tildeling av myndigheit etter vegtrafikklova. Å ikkje overføre myndigheit etter vegtrafikklova på dåverande tidspunkt var difor eit bevisst val, og ikkje noko som vart gløymt.
Fleire fylke har i sine høyringsinnspel til nemnde proposisjon tatt opp spørsmål om skiltmyndigheit med ønske om eit heilskapleg ansvar for oppgåver knytt til eige vegnett. På bakgrunn av dette og eit ønske om å løyse eventuelle praktiske behov for fylkeskommunane, såg Samferdselsdepartementet at det òg er behov for å gjennomgå regelverket om skiltmyndigheit. I august 2020 bad departementet difor Statens vegvesen om å vurdere endringar i regelverket om skiltmyndigheit i samband med opphøyr av sams vegadministrasjon.
I april 2021 vart det frå Statens vegvesen levert vurderingar og anbefalingar, mellom anna om myndigheit for fartsgrenser. Ei oppsummering er at noko av skiltmyndigheita bør overførast, medan andre delar ikkje bør overførast. Overføringa kan uansett ikkje gjerast før det er gjort ein gjennomgang av regelverket i forskrifter, normalar og rettleiingar m.m.
Vi meinte at anbefalingane frå Statens vegvesen om overføring av kategoriar av skiltmyndigheit til fylkeskommunane var fornuftige, og bad i januar 2022 Statens vegvesen jobbe vidare med saka i tråd med anbefalingane. I dette arbeidet har eg bedt Statens vegvesen vere i dialog med fylkeskommunane og andre aktørar som dette temaet vedkjem. Eg er kjent med at denne dialogen er starta. Statens vegvesen skal skissere ein plan for vidare framdrift i arbeidet innan 1. april 2022.