Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Framnes (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1620 (2021-2022)
Innlevert: 20.03.2022
Sendt: 21.03.2022
Besvart: 25.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sigbjørn Framnes (FrP)

Spørsmål

Sigbjørn Framnes (FrP): Kva kan samferdselsministeren konkret gjera for å hjelpa Vestland fylke med å få finansiert og realisert rassikringsprosjektet Tokagjelet?

Begrunnelse

Fv 49, Tokagjelet, er omkøyringsveg for E 16 mellom Trengereid og Voss når den er stengd av rashendingar og ulukker. Den er ein del av det overordna fylkesvegnettet i Vestland, og ein av hovudvegane mot Hardanger og E 134 over Haukeli frå Bergen. Vegstrekka i Tokagjelet er sterkt rasutsett med fleire store ras hendingar dei siste åra. Vestland fylke har etter grundige utgreiingar konkludert med at vegen i sin heilhet må erstattast med ein ny tunnel på ca. 9,3 km. Kostnad for prosjektet er ca. 2,5 milliarder. Kvam herad har nyleg vedteke eigen kommunedelplan for prosjektet, og Vestland fylke har vedteke å starta regulering av prosjektet. Utfordringa i forhold til gjennomføring ligg på finansiering. Vestland fylke sine årlege løyvingar til rassikring gjer det ikkje mogleg å få realisert prosjektet med dagens løyvingar til rassikring.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det går fram av spørsmålet at dette er eit prosjekt på fylkesvegnettet. Vestland fylkeskommune har derfor ansvar for eventuelle tiltak for å rassikra vegen. Ansvaret gjeld og finansiering av tiltak.
Midlar til ras- og skredsikring på fylkesveg vart tidlegare løyvd over ein øyremerka post til fylkeskommunane. Frå 2020 er midlane innlemma i rammetilskottet. Midlane vert fordelte mellom fylkeskommunane med utgangspunkt i eit tilskottsprogram for skredsikring på fylkesvegnettet for perioden 2018 – 2023. Tilskottsprogrammet er utarbeidd av Statens vegvesen og basert på dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2018 – 2029.
For 2022 er det fordelt 870,8 mill. kr til ras- og skredsikring på fylkesveg over rammetilskottet til fylkeskommunane. Vestland fylkeskommune har fått tildelt 452,0 mill. kr av desse midlane.