Alfred Jens Bjørlo (V): Ser regjeringa det som aktuelt å la marine verneområde få lokale styre og lokalt tilsette forvaltarar, på same måte som for nasjonalparkar og landskapsvernområde på land, som eitt av fleire verkemiddel for å styrke arbeidet med vern av fjordar og andre havområde i Noreg?
Begrunnelse
I dag har nasjonalparkar og landskapsvernområde i Noreg lokal forvaltning. Det skjer gjennom oppnemnte lokale og regionale politikarar som utgjer eit styre, og ein eller fleire tilsette nasjonalparkforvaltarar. Forvaltararne er lokalisert i nærleiken av verneområdet dei jobbar med, slik at dei er tilgjengelege for folk lokalt og har kort veg ut i felt for å sjå på tiltak, tilrettelegging av informasjon, skjøtsel, osv.
Per 2022 er det oppretta 16 marine verneområde i landet. Solberg-regjeringa la ambisjonar for at Noreg skulle ha 30 % marint vern innan 2030, slik det internasjonale havpanelet tilrår, men det er enno langt fram før dette målet er nådd.
Marine verneområde går ofte over fleire kommunegrenser som nasjonalparkar og landskapsvernområde, og nokre marine verneområde har stoppa heilt opp i prosessen grunna lokal motstand. Sterkare lokal forankring av marine verneområde, og å sørge for kompetanse-arbeidsplassar lokalt knytt til forvaltinga av dei marine verneområda på same måte som for verneområde på land, vil vere med å styrke den lokale forankringa av vernet, og truleg også kunne setje fart på arbeidet med vern av fleire havområde. Det vil også styrke sjølve vernet gjennom auka ressursar til kartlegging, informasjonsarbeid, tilrettelegging for berekraftig lokal næringsaktivitet, rydding av forureining, meir, samt bidra til auka lokal identitetsskaping og stoltheit for å ha verneverdige havområde i sitt lokalsamfunn.