Alfred Jens Bjørlo (V): Korleis kan vi sikre at kommunale anskaffelsar av renseanlegg for vatn og avløp i åra framover legg til rette for bruk av den mest miljøvenlege og berekraftige tilgjengelege teknologien for rensing, slik at vi kan kutte kjemikaliebruk, gjenbruke fosfor og få best mogleg vasskvalitet i Oslofjorden og andre sårbare norske fjordar og vassdrag?
Begrunnelse
Norske kommunar må gjennomføre massive investeringar innanfor vatn og avløp dei komande åra. I rapporten «Kommunalt investeringsbehov for vann og avløp 2021-2040» frå Norsk Vann er det estimert eit samla investeringsbehov på over 300 milliardar kroner. Av dette er det berekna at ca. 35 milliardar kroner skal investerast i renseanlegg på Austlandet for å imøtekome såkalla sekundærrensekrav i nedbørfelt for følsome område. Det utløyser trong for investering i biologiske rensetrinn på anslagsvis 150 renseanlegg. I tillegg meiner Miljødirektoratet og Statsforvaltarane i Viken og Vestfold og Telemark at den økologiske tilstanden i Oslofjorden tvingar fram trong for nitrogenfjerning for kystnære anlegg i indre og ytre Oslofjord. Det kan utløyse ytterlegare investeringar for fleire titals milliardar kroner.
Dei enorme investeringane som skal gjerast i nye avløpsanlegg dei neste få åra, vil setje standarden for miljøkvaliteten på avløpsanlegga og dermed også for miljøkvaliteten i Oslofjorden og mange andre fjordar og vassdrag i fleire tiår framover. Det er då urovekkande å sjå at det rundt om i landet, også i Oslofjord-området, blir planlagt å anskaffe avløpsanlegg med gamaldags teknologi som ligg langt under den miljøstandarden vi veit er mulig og oppnåeleg i dag. Det vil i praksis føre til at norske renseanlegg må halde fram å bruke 100 000 tonn kjemikaliar i året for å fjerne fosfor frå avløpsvatn, som ikkje berre fører til unødvendig høge driftskostnader og høgt klimafotavtrykk, men også blokkerer for gjenvinning av den kritiske ressursen fosfor.
Teknologi for biologisk fosforfjerning frå avløpsvatn har vore tilgjengeleg internasjonalt i meir enn 40 år. Sidan 2016 er det også tatt i bruk i stor skala under norske forhold med svært godt resultat (m a Hias sitt renseanlegg på Hamar, som har vore med å løfte vasskvaliteten i Mjøsa).
Det er no nødvendig med eit nasjonalt initiativ for å sikre at ikkje norske kommunar i åra framover gjer enorme feilinvesteringar i gammaldags miljøteknologi for avløpsanlegg, men i staden tek i bruk ny, moderne og meir miljøvenleg og effektiv teknologi som kuttar kjemikaliebruk og gjer det mulig å gjenvinne og gjenbruke fosfor, gjennom biologisk i staden for kjemikalie-basert fosforfjerning.