Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1658 (2021-2022) Innlevert: 24.03.2022 Sendt: 24.03.2022 Besvart: 31.03.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Sigbjørn Framnes (FrP): Spørsmål:Kan statsråden hjelpa med å framskynda detaljreguleringa for E39 på strekninga forbi Heiane?
Bakgrunn:E39 går over Stord og blir planlagt utbygd, noko som er nødvendig og bra. I den samanheng er mykje areal bandlagt. På Heiane er dette ei utfordring da det går uttover opparbeid næringsareal, noko det er for lite av i kommunen. For å komme vidare må detaljregulering gjennomførast.
Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har utarbeida kommunedelplan for E39 mellom Heiane og Ådland på Stord. Etter handsaming av motsegn, vedtok det dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet alternativ 4 for denne planen. Dette var Statens vegvesen sitt tilrådde alternativ, då dette alternativet hadde størst samfunnsøkonomiske lønsemd.Stord kommune ynskjer ikkje at E39 vert bygd i samsvar med dette planalternativet, og har difor starta arbeidet med ein ny kommunedelplan for E39 på strekninga. Utgangspunktet er planalternativ 2. Planprogrammet er vedteke, og kommunen arbeider med neste steg. Eit nytt planforslag er venta å kunne kome på høyring haust/vinter årsskiftet 2022/23. Det er dermed ikkje gitt, når ein kan ha eit endeleg vedtak om ny kommunedelplan klar. Denne framdrifta er under kommunal styring.Når det gjeld spørsmålet om detaljregulering, så er det normale at ein utfører dette når ein nærmar seg bygging. Prosjektet det er spurt om her, er ikkje prioritert i NTP og bygging ligg difor og noko fram i tid.