Sveinung Rotevatn (V): Kan arbeids- og inkluderingsministeren gjera greie for kva for ein tilgang NAV har til å gjera individuelle vurderingar i ekstraordinære situasjonar, kva tilgang saksbehandlarar har til å gjera vurderingar om å utbetala ekstra sosialhjelp med formål om å oppfylla hensikta med livsoppholdsstønad som er at ein skal kunna vera selvhjulpen og vil statsråden vurdera og mellombels auka dei rettleiande satsane i lys av det ekstraordinære kostnadsnivået?
Begrunnelse
Det er ingen tvil om at auka prisar på straum, mat og drivstoff rammar dei som har minst frå før aller hardast. Eit breitt fleirtal på Stortinget har vore samde om at det har vore riktig for å sørga for at det har vorte lova meir pengar til kommunane for å kunna betala ut bustønad og kompensera kommunane for ekstra kostnader til sosialhjelp. Dei rettleiande livsoppholdssatsene til NAV er ikkje justerte for dei ekstraordinære aukane i kostnadene dei som mottar sosialhjelp opplever. For einslege er den rettleiande trygda no på 6 550 kr og for ektepar/sambuarar på 10 950 kroner. Satsane auka med høvesvis 100 kr og 150 kroner frå september 2021 til januar 2022.