Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1724 (2021-2022)
Innlevert: 30.03.2022
Sendt: 30.03.2022
Besvart: 06.04.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva vil samferdselsministeren gjere for at fylkeskommunane vert gjort i stand til å innfri krava i tunnelsikkerheitsforskrifta innan fastsatt frist?

Begrunnelse

Tunnelsikkerheitsforskrifta er svært krevjandes for mange fylker, og fristen for å gjennomføre sikringane sliter fylka med å rekke. Kostnadane er svært store, og tunnelane som staten førte over til fylkeskommunane i 2010 var av dårleg forfatning. Løyvingane som fylkeskommunane har fått frå staten til dette arbeidet, står ikkje i stil med behovet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Staten kompenserer fylkeskommunane for meirutgifter i samband med oppfølginga av krav i tunnelsikkerheitsforskrift for fylkesveg m.m. av 10. desember 2014. Kompensasjonen blir gitt med særskilt fordeling over tabell C i inntektssystemet for fylkeskommunane, med bakgrunn i ei berekning som Statens vegvesen har gjort av behovet for kompensasjon i kvart fylke. I statsbudsjettet for 2022 er løyvinga til kompensasjonsordninga auka med 231 mill. kr. Med ei vidareføring av denne auken vil fylkeskommunane bli ferdig kompenserte for meirutgiftene til tunnelutbetringane i løpet av planperioden, slik det er lagt opp til i stortingsmeldinga om nasjonal transportplan 2022-2033 jf. Meld. St. 20 og Innst. 653 S (2020-2021).
Det er i forskrifta satt ein frist for utbetring av eksisterande tunnelar innan 1. juni 2020, med mogleg forlenging med inntil fem år for fylkeskommunar med stor tunnelmasse. Statens vegvesen har hatt dialog med fylkeskommunane for å få innspel til å vurdere behovet for endring av tidsfristar basert på gjeldande status for tunneloppgraderingane. Det vil etter planen bli sendt ut eit forslag til endring av forskrifta på høyring i løpet av 2022.
Eg minner til slutt om at fylkeskommunane som hovudregel har ansvaret for å budsjettere med sine egne midlar til fylkesveg. Dersom ein fylkeskommune ønsker å gjere anna vedlikehald eller utbygging i tunnelane i tillegg til dei utbetringane som er kravd i tunnelsikkerheitsforskrifta, må fylkeskommunen sjølv sette av midlar til dette.