Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren vise til kva konsekvensar utsetting av store nasjonale samferdselsprosjekt vil kunne få for bygg og anleggsbransjen?
Begrunnelse
Statsministeren har i media den siste tida gått ut og varsla at store samferdselsprosjekt kan bli utsatt. Dette begrunna med krigen i Ukraina og konsekvensane økonomisk ikring dette for Norge.
Bygg og anleggsbransjen er avhengig av normal aktivitet innan bygg og anleggsdrift, der store nasjonale samferdselsprosjekt er viktig for sysselsettinga. Frå før er denne næringa hardt ramma av både skyhøge straum og drivstoffprisar, samt kraftig auke i råvarekostnadar slik som står og betong.