Alfred Jens Bjørlo (V): Noverande statsminister og finansminister gjekk i valkampen langt i å love statleg støtte på 80 mill. NOK i eit spleiselag for å realisere Forestia sine planer om ein ny, klimavenleg returtrefabrikk i Solør i Innlandet.
Når kjem finansieringsstøtten til Forestia som vart lova i valkampen, slik at bygginga av denne viktige nye satsinga for ny grøn industri og sirkulærøkonomi i Noreg kan kome i gang?
Begrunnelse
Både Innlandet og Norge har stort behov for fleire nye, grøne arbeidsplassar og bedriftssatsingar. Forestia på Braskereidfoss i Solør i Innlandet har planer om å bygge ein ny, klimavennleg fabrikk som skal kunne ta imot og resirkulere tremateriale for å forsyne sin allereie eksisterande sponplateproduksjon med flis. Det vil vere eit stjerne-eksempel på kva type nye, grøne bedrifter vi treng i Noreg for å kutte klimautslepp, redusere materialforbruk og gå over til ein meir sirkulær økonomi. Forestia omsette for rett i underkant av 1 milliard NOK i 2021 og har ca. 250 tilsette. Den nye fabrikken er estimert å gi ca. 100 nye arbeidsplasser.
I valgkampen var både noverande statsminister Støre og noverande finansminister Vedum på besøk på fabrikken, og gjekk langt i å love at staten skal stille opp med betydeleg kontaktbidrag i eit spleiselag for å få fabrikken opp så snart Ap og Sp kom i regjering.
I Hurdalsplattformen står følgande:
"Regjeringen vil legge til rette for at det blir bygd anlegg for gjenvinning av brukt tre materiale fra bygg som sikrer at materialet kan brukes til nye industriprodukt for å sikre økt sysselsetting og verdiskapning."
Representantar for regjeringspartia har i media i Innlandet forklart at denne formuleringa siktar til Forestia sine planer på Braskereidfoss. Fylkesleiar i Innlandet Sp, stortingsrepresentant Per Martin Sandtræen, har i lokale media informert om at styrkinga av Innovasjon Norge og SIVA sine budsjett med 100 mill. NOK i 2022 er gjort for å kunne få til ny returtrefabrikk på Forestia, som krev eit anslått statleg bidrag på 80 mill. NOK.
Fabrikksjef Espen Svenneby sa i samband med Sandtræen sitt utspel om dette følgande:
"Alt ligger til rette på Braskereidfoss med et stort miljøvennlig prosjekt, privat kapital og kunnskap. Tilliten til regjeringen vil forsvinne om den ikke leverer."
I morgon skriv vi april 2022, og vinter held på å gå over til vår. Dei kraftfulle signala og lovnadene frå valkampen er enno ikkje følgde opp. Samtidig er behovet for å få fortgang i nye grøne industriprosjekt og å kutte klimautslepp stadig meir presserande. Når kjem pengane regjeringa har lova til Forestia - kvifor dreg dette ut når signala var så klare i valkampen, og nødvendige ekstra løyvingar kom på plass i budsjettet for 2022.