Ingrid Fiskaa (SV): Statnett planlegg ei 420kV kraftlinje mellom Blåfalli i Kvinnherad og Gismarvik i Tysvær. Linja er planlagd som luftspenn og vil gå gjennom natur- og friluftsområde, bebygde område og landbruksområde. Stortinget har vedtatt at ein i konsesjonssaker om nett skal legga til grunn ei heilskapleg samfunnsøkonomisk vurdering som ivaretek omsynet til offentleg utnytting av arealet og utvikling av områda.
Vil statsråden sørga for ei liknande heilskapleg samfunnsøkonomisk vurdering også i denne saka?
Begrunnelse
Statnett har søkt konsesjon for å bygga ei 420kV kraftlinje i luftspenn frå Blåfalli i Kvinnherad gjennom Etne og Vindafjord til Gismarvik i Tysvær kommune, Rogaland.
Denne mastetraséen vil øydelegga mykje urørt natur, leveområde for raudlista artar, kulturlandskap og viktige friluftsområde og turistattraksjonar. DNTs Gullrute i Etnefjellet går langs delar av den planlagde traseen.
I dag er den største trusselen mot naturmangfaldet at me byggjer ned areala der artane lever. FN sin klimarapport viser til at tapet av natur er ein like stor trussel som klimaendringane.
Den omsøkte linjetraseen har vekt sterk lokal motstand og eit stort tverrpolitisk engasjement mot dei planlagde linjene. Både Vestland fylkeskommune og Næringsalliansen i Vestland har tidlegare bede om utgreiing av sjø- og jordkabelløysingar som alternativ til dagens politikk med høgspentmaster.
Etne kommune har både i desember 2020 og februar 2022 samrøystes levert negativt høyringssvar med krav om at sjø- og jordkabel skal greiast ut og prioriterast i denne kraftoverføringa.
Det er med bakgrunn i denne motstanden stifta eit tverrfagleg og tverrpolitisk Forum for Sjø- og jordkabelteknologi. Sjø- og jordkabel med vekselstraum vil generelt også kunna bli bygd ut raskare, sidan ein sparer store folkeprotestar og mange høyringar, og vil vera meir berekraftig og samfunnsøkonomisk for framtida.
Til no har Statnett og NVE avvist slike alternativ. I Dokument 8:39 S (2021-2022), Innst. 137 S (2021-2022) vart det fleirtal for at det skal leggast til grunn ei heilskapleg samfunnsøkonomisk vurdering som ivaretek omsynet til utbygging i arealknappe område og offentleg utnytting av arealet og utvikling av områda. Dette må og gjelda i område som ikkje er bebygde, men av andre årsaker ikkje kan byggast ned.