Birgit Oline Kjerstad (SV): Ein forskningsrapport fra Norsk institutt for naturforskning (NINA) viser at 38 % av borna i Norge var mindre ute 10 måneder inn i koronapandemien, medan 15 % av borna var meir ute.
Kva tiltak vil statsråden iverksette for å stimulere til auka uteaktivitet blant norske barn?
Begrunnelse
I friluftslivsmeldinga (Meld.st. 18 (2015-2016)) er det fastslått som eitt av to nasjonale mål at «Naturen skal i større grad brukes som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge». Dette er fylgt opp med brei omtale av friluftslivet si sterke forankring og tydning i det norske samfunn, og konkretisert i Handlingsplan for friluftsliv (2018).
Stikk i strid med nasjonale mål viser no ei undersøking utført av Norsk institutt for naturforskning (NINA) NINA Brage: Barn og unges organiserte friluftsliv. Hva fremmer gode opplevelser og varig deltagelse? at 10 månader inn i pandemien brukte 38 % av barna mindre tid på uteleik i fylgje foreldra. På den andre sida rapporterte 15 % at borna brukte meir tid ute. Dette viser dramatiske endringar; nedgang i utetid for nesten 4 av 10, og auka forskjellar mellom barn i kor mykje dei er ute og leikar.
Handlingsplanen for friluftsliv tek ikkje høgde for denne og andre erfaringar om endringar i friluftslivet som fylgje av pandemien. Handlingsplanen speglar heller ikkje nye tiltak og prioriteringar i denne regjeringa sin friluftslivspolitikk. Det kan difor vere nærliggande at regjeringa reviderer handlingsplanen for friluftsliv mellom anna som eit ledd i arbeidet med å gripe tak i utfordringane med redusert uteaktivitet mellom barn og unge.
At det no vil kome mange unge flyktningar i samband med krigen i Ukraina, er også eit argument for å oppdatere handlingsplanane. Det same gjeld arbeidet med å betre den psykiske helsa til born og unge. Å kome seg ut i naturen i lag med andre er ein god arena for å bygge venskap, mestre og få positive opplevingar som er med å gir livsglede og livsmot.