Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:1771 (2021-2022)
Innlevert: 03.04.2022
Sendt: 04.04.2022
Besvart: 22.04.2022 av kunnskapsminister Tonje Brenna

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil statsråden gjere for å unngå at ein kjem inn i ein «negativ spiral» der det blir kutt i fylkeskommunale tilbod om fagutdanningar for reiselivet og serveringsnæringane på grunn av bølgjedalen næringane har vore nede i knytt til pandemien, samtidig som vi veit at reiselivet og serveringsnæringane vil ha svært stort behov for fleire fagarbeidarar i åra framover?

Begrunnelse

Reiselivet er blinka ut som ei av dei store vekstnæringane i åra framover i Noreg, ikkje minst knytt til reiselivet som ei distrikts-næring og koblinga med produksjon og servering av lokal mat av høg kvalitet.
Reiselivet og serveringsnæringane har dei siste to åra vore hardt råka av covid-pandemien med omfattande nedstengingar og permitteringar. Det gjer at mange personar med fagkompetanse har forlatt næringane og gått over i andre yrke. Skal desse utblinka vekstnæringane for Noreg reise seg igjen og utvikle seg på ein god måte etter pandemien, blir auka tilgang til fagkompetanse ein svært kritisk faktor, ikkje minst innanfor mat- og restaurantfag.
Ein del stader i landet ser vi heldigvis no auka interesse for mat- og restaurantfag og andre fag relatert til reiseliv, og stigande søkartal neste skuleår. Andre stader, slik som i Vestland fylkeskommune, ligg det no føre forslag om å kutte ut tilbod om mat- og restaurantfagklasser skuleåret 2022/23 fordi ein ikkje får fylt opp klassene 100% (Måløy vidaregåande skule i Nordfjord).
Det er no avgjerande for reiselivet og serveringsnæringane si framtid at vi klarer å samarbeide og legge felles langsiktige strategiar for å auke tilgangen på kompetanse over heile landet i desse næringane i gjenreisings-fasen etter koronaepidemien. Då er det maksimalt uheldig timing å bygge ned tilbod om utdanning i mat- og restaurantfag og andre fag der reiselivet slit med tilgang til fagkompetanse rundt om i distrikts-Noreg akkurat no.
Mat- og restaurantfag er også ein type utdanningstilbod det kan vere fornuftig å ha ekstra kapasitet på når det i tida framover kjem mange ungdommar til landet som flyktningar frå Ukraina – som raskast mulig skal få tilbod om ei utdanning som er til nytte både medan dei er i Noreg og når dei reiser tilbake til heimlandet.
Eg vil difor oppmode Kunnskapsministeren om å sjå om det er mulig å få til eit forsterka samarbeid mellom staten og fylkeskommunane for å unngå kutt i utdanningstilbod knytt til reiselivet og serveringsnæringane rundt om i landet komande skuleår. Det hastar, fordi strukturen på neste års skuletilbod blir avgjort i løpet av månaden vi er inne i no.
For meir langsiktige svar på utfordringane, syner eg til Dokument 8-framlegg frå Venstre som ligg til handsaming i Stortinget.

Tonje Brenna (A)

Svar

Tonje Brenna: Det er riktig at reiselivet og servicenæringane var hardt råka av koronapandemien. Fleire bedrifter har gått konkurs, tilsette har mista jobben eller dei har gått over i anna arbeid. Mange lærlingar var også permitterte, mange fekk opphald i opplæringa si og det var utfordrande for elevane å få praksisplass. Denne utviklinga er heldigvis i ferd med å snu.
Eg er samd med representanten Bjørlo i at vi treng fagfolk i reiselivet og servicenæringane. På same måte som vi treng fagarbeidarar i mange andre yrker. Da er det gledeleg å konstatere at litt over halvparten av elevane som søker seg til vg1 i vidaregåande opplæring søker eit yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkinga til vg1 og vg2 i utdanningsprogram for restaurant- og matfag har vore relativt stabil dei siste åra. Statistikken viser også at talet på nye lærekontraktar i utdanningsprogrammet for restaurant- og matfag har gått ned dei siste åra, også før koronapandemien. I 2021 blei det teikna 1110 lærekontraktar. Det er ein liten auke frå året før, men ifølge bransjen er det likevel ikkje nok.
Eg er derfor glad for at regjeringa har løyvd 2 millionar kroner til ein rekrutteringskampanje for mat- og måltidsbransjen. Det er NHO Mat og drikke som saman med ei rekke andre organisasjonar i bransjen står for kampanjen. Målgruppa for kampanjen er først og fremst skuleelevar, føresette og unge vaksne.
Eg er opptatt av at det yrkesfaglege tilbodet er i tråd med behovet for lærlingar og fagarbeidarar i arbeidslivet, samstundes som elevane som søker seg til vidaregåande opplæring i størst mogleg grad skal få oppfylt førsteønsket sitt. Eg opplever at mange fylkeskommunar også er opptatte av dette. Både gjennom å tilby skuleplassar arbeidslivet treng, og gjennom å motivere elevane til å velgje det arbeidslivet treng.
Fylkeskommunane har ansvar for å dimensjonere opplæringstilbodet i vidaregåande opplæring, og eg veit at mange fylker har eit godt samarbeid med næringslivet. Departementet har også jamnlege møter med fylkesutdanningssjefane, der denne problemstillinga er eit av temaa vi har teke opp.
I forslaget til ny opplæringslov er det forslag om at ein skal legge stor vekt på det samfunnet treng av kompetanse. Dette vil vi sjå på når vi no jobbar med ny opplæringslov.
Eg kan også nemne at våren 2020 starta vi opp fleire treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling i kriseramma næringar, mellom anna i reiseliv. Programmet har medverka til at ledige og permitterte kunne bruke tida dei var ledige til å ta eit fagbrev. Det styrkar både næringa sin tilgang på kompetent arbeidskraft, og deltakarane sin posisjon på arbeidsmarknaden. Regjeringa har vidareført bransjeprogrammet for reiseliv i 2022.