Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1842 (2021-2022)
Innlevert: 11.04.2022
Sendt: 19.04.2022
Besvart: 27.04.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Hvordan vil statsråden sikre at barn og familier som trenger det, møter et barnevern med riktig og god kompetanse, slik at de får hjelpen de trenger?

Begrunnelse

Etter flere år med satsing på kompetanse i barnevernet, og en ny lov som skal gi bedre vern og styrkede rettigheter til alle parter, ser det ut til at situasjonen i barnevernet igjen svikter. En undersøkelse utført av Statsforvalterne for Helsetilsynet viser en negativ utvikling. En landsomfattende gransking viser at 9 av 10 kommuner det er ført tilsyn med ikke undersøker bekymringsmeldinger godt nok. Av 52 barneverntjenester bryter 47 av dem loven. Det er også funnet lovbrudd i 33 av 38 såkalte egenvurderinger. Det innebærer at barneverntjenestene gjorde egenvurderinger med veiledning og oppfølging av statsforvalteren.
Helsetilsynet er bekymret. Barneombudet er bekymret. Det er grunn til å ta disse bekymringene meget alvorlig.
Barn og familier som møter barnevernet må møtes med riktig og god kompetanse. Det kan ikke være tilfeldigheter, slik som hvilken saksbehandler som blir tildelt saken eller postnummer, som skal avgjøre om barn og familier får den hjelp de skal ha.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Representanten viser til funn frå landsomfattande tilsyn med undersøkingar i barnevernet. Funna er alvorlege. Det er riktig at tilsyn over år har vist det same. Eg vil derfor gå grundig inn i dette tilsynet når tilsynsrapporten blir offentleggjord frå Helsetilsynet
Eg vil understreke at tilsyn skal føre til læring, og føreset at kommunar der lovbrot er påvist straks set i gang for å sikre forvarlege barneverntenester. Helsetilsynet peikar på at svikt i styring og leiing er årsaker som går att. Det har som kjend vore ei kompetansesatsing i barnevernet. Tiltaka som inngår i satsinga, blir følgjeevaluert. I den siste statusrapporten, som tar for seg tre av tiltaka (rettleiingsteam, læringsnettverk og dialogmøte), kjem det fram at tiltaka verkar godt implementert mange stader i landet. Evalueringa tydar på at tiltaka har gitt effektar i form av auka samarbeid mellom kommuneleiing og barnevernstenester, betre struktur og leiing av barnevernstenester, og auka samarbeid om tiltaksutvikling, rutinar og barnevernsfagleg arbeid mellom kommunale barnevernstenester. Evalueringa peikar på at i mange kommunar har dette gitt konkrete effektar i form av meir velfungerande barnevernstenester, og at det er grunn til å tru at dette har bidratt til betre tenester for sårbare barn, ungdom og familiar. Statusmålinga synleggjer likevel at det er stor variasjon i korleis tiltaka verkar lokalt, og at ein del kommunar førebels ser ut til å ha fått lite nytte av tiltaka.
Helsetilsynet peikar på at mangelfull styring og leiing er ei viktig årsak til lovbrota som er avdekte i tilsynet. Fleire av tiltaka i kompetansesatsinga er retta mot å styrke leiinga i barnevernet. Eit av tiltaka er etablering av rettleiingsteam. Rettleiingsteam inneber at utvalde kommunar med fare for svikt i tenestetilbodet til barnevernstenesta får tett oppfølging av to rettleiarar i to år. Rettleiarane er i all hovudsak personar som jobbar som barnevernsleiarar i andre kommunar. Målet er å styrke leiingskompetansen i barneverns- og kommuneleiinga, og etablere system og rutinar som bidrar til å utvikle praksis og til betre resultat. Tenestestøtteprogrammet er eit anna tiltak i kompetansehevingsstrategien. Programmet tar sikte på å bidra til at deltakande tenester får ein forbetra og meir systematisert praksis ved undersøkingar, avgjerds- og tiltaksarbeid. Programmet har ein eigen modul retta mot leiarar i barnevernet. Vidare er det oppretta ei eiga vidareutdanning for leiarar.
Det er behov for meir varige strukturar som kan bidra til at framtidige tilsette er betre førebudde på arbeidsoppgåvene i barnevernet. Gjennom Prop. 133 L (2020-2021) har Stortinget vedtatt innføring av kompetansekrav i det kommunale barnevernet. Krava inneber at tilsette må ha femårig utdanning for å arbeida med dei mest krevjande saksbehandlingsoppgåvene i barnevernet, inkludert å gjennomføra undersøkingar av omsorgssituasjonen for barnet. Det vil gi nødvendig kunnskap for å identifisere behov, gjere riktige vurderingar og kunne tilby tidleg og tilpassa hjelp.
Det er tatt fleire grep for å forbetra styringa av barnevernet. Mellom anna har Stortinget, gjennom Prop. 84 L (2019-2020), vedtatt at kommunestyret minst ein gang i året skal få ei rapportering om tilstanden i barnevernstenesta. Eit av dei viktigaste måla med tilstandsrapporteringa er at ho skal bidra til auka medvit i kommunane om kva som er godt barnevern. Det er ikkje berre sjølve rapporten som er viktig inn i dette, men også prosessen med å utarbeida han, og behandlinga og diskusjonen av innhaldet i etterkant.
Eit anna viktig tiltak er utviklinga av eit barnevernsfagleg kvalitetssystem som skal rettleie dei tilsette i arbeidet og bidra til å styrkje sakshandsaminga. Kvalitetssystemet vil gi fagleg støtte til arbeidet, og vil også legge til rette for at barn får medverke i alle fasar av ei barnevernssak. Kvalitetssystemet skal vere ferdig utvikla i 2022.
Alle som arbeider med barn og foreldre, må ha dei personlege eigenskapane som gjer dei egna til å skape gode relasjonar. Formell kompetanse aleine er ikkje nok. Utan tillit og relasjonane får ein ikkje brukt kompetansen, og moglegheita til barn og foreldre for reell medverknad vert skadelidande. Vi treng stabile tilsette med erfaring som kjenner barna og behova deira, og som kan rettleia dei nyutdanna som skal inn i yrket. Tal tyder at det har vore høg turnover i kommunalt barnevern. Det betyr at barn mister trygge vaksne, og barnevernstenesta mister viktig kompetanse og erfaring.
Eg viser til at Regjeringa i Hurdalsplattforma har signalisert ei kvalitetsreform i barnevernet. Eg vil kome attende til Stortinget med innhaldet i denne.