Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1862 (2021-2022)
Innlevert: 20.04.2022
Sendt: 21.04.2022
Besvart: 03.05.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Synes statsråden at statsforvaltarane er ein bremsekloss?

Begrunnelse

Kommunal og distriktsministeren seier til Klassekampen: "... men seier at dersom det er nokre statsforvaltarar som er ein bremsekloss for utvikling så er han open for å sende signal om at dei bør snu."
Kommunal- og distriktsministeren har vore politikar lenge og snakkar hyppig med lokalpolitikarar, så det må gå an å få svar på dette menet. Det er vesentleg for lokalpolitikarane å vite om statsråden synes statsforvalterne er bremseklossar eller ikkje i dag, så eg gjer difor statsråden anledning å svare ja eller nei på det spørsmålet.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Statsforvaltarane er statens representant i fylka, og har mellom anna som oppgåve å sjå til at politikken som er vedtatt av Stortinget og regjeringa blir følgd opp i saker etter plan- og bygningslova. Som ein følgje av dette er statsforvaltarane pliktige til å delta i kommunale
planprosessar, og kan på vegne av fleire departement fremje motsegn til planar som er i strid med nasjonale eller vesentlege regionale interesser. Statsforvaltarane kan òg gje fråsegn til, og klage på, søknader om dispensasjon frå planar, plankrav og byggjeforbodet i strandsona
når saka vedkjem saksområdet deira. Regjeringa er opptatt av at den nasjonale politikken må tilpassast dei regionale og lokale tilhøva. Det er ein viktig del av oppdraget til statsforvaltarane å medverke til ei slik tilpassing av politikken, i samarbeid med regionale og lokale styresmakter. Denne rolla inneber bruk av skjøn, og må difor vere basert på lokalkunnskap og utøvast i tett dialog med kommunane. I planprosessane er den tidlege dialogen viktig for å finne gode løysingar undervegs, og er med unngå motsegner. Vidare vil oppdaterte arealplanar redusere behovet for dispensasjonar. Dette er føringar som blir understreka i planrettleiinga frå departementet og i nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Statsforvaltarane har ei viktig rolle i å sikre at nasjonal politikk blir følgd opp innanfor dei
rammer som vert skildra ovanfor, og eg føreset at statsforvaltarane utfører sitt oppdrag i tråd med dette. Det vil likevel alltid kunne vere rom for forbetringar. Dette følgjer departementet opp i styringsdialogen med statsforvaltarane.