Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for korleis regjeringa har tenkt å kunne opprettholde rettferdige konkurranseforhold for den norske transportnæringa, opp mot konkurransen frå utanlandske selskap som køyrer med heilt andre driftsutgifter iform av svært mykje lågare drivstoffprisar?
Begrunnelse
NLF informerte på møte med Transport og kommunikasjonskomiteen den 19/4, om dei svært store konkurranseulempene norske transportselskap har i forhold til utanlandske aktørar.
Større vogntog kan ta med seg 1600 liter drivstoff i sine tankar. Dei fyller diesel i til dømes Polen til 10-11 kr literen, og brukar ca. 200 liter til vår grense. Så sparar dei 200 liter til returen og brukar resten av medbrakt diesel til å konkurrere ut norske transportselskap. Dagens regjering med SP og AP ser på at dieselprisen for truckdiesel er over 18 kr eks mva, og ser ut til å vere handlingslamma.