Mona Fagerås (SV): Våren 2021 vedtok Stortinget å be regjeringa syta for utbygd mobiltelefoni og fibertilfang langs alle riksvegar, først ved nybygging av vegstrekningar og deretter langs alle riksvegar.
Kor langt er arbeidet kring mobildekning langs nye og eksisterande riksvegar kome, og er det mulig å få støtte til å legga mobildekning inn i den komande oppgraderinga av E 134, t.d. gjennom eit samarbeid mellom teleoperatør, Statens vegvesen og kommunane?
Begrunnelse
I Vindafjord og Etne kommunar skal det i nær framtid i gang ei oppgradering av E134. Deler av denne strekninga er utan mobildekning. I dette området er det ein ulykkesutsatt fjellovergang, ofte hjortepåkjørsler, i periodar stengt veg pga. snøvinter, eit mykje brukt utfartsområde, ein bensinstasjon m.v. Beredskap er ei utfordring utan mobildekning.
Hurdalserklæringa seier at regjeringa skal:
"Satse på en kraftig forbedring av mobildekningen i hele landet og sikre mobildekning langs hovedferdselsårene både på land og sjø."
Mobildekning er avgjerande for beredskap og tryggleik i landet vårt.