Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1890 (2021-2022)
Innlevert: 22.04.2022
Sendt: 25.04.2022
Rette vedkommende: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 29.04.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Korleis har statsråden fulgt opp Stortingets vedtak 8. juni 2021 om å styrke rettstryggleiken i arbeidssrettssaker?

Begrunnelse

Stortinget gjorde følgjande vedtak 8. juni 2021:

"Stortinget ber regjeringen utrede mulige endringer i arbeidsmiljøloven der dagens ordning med utnevning av særskilt arbeidslivskyndige meddommere i den enkelte sak etter forslag fra partene, erstattes med et tilfeldig uttrekk av meddommere fra hvert av de særskilt arbeidslivskyndige utvalgene."

For Venstre er uavhengige domstolar for alle heilt vesentleg i ein demokratisk rettsstat. Både SMB Norge og Fellesforbundet for sjøfolk har klaga Noreg inn for Europarådets sosialrettskomité fordi dei meiner norske domstolar ikkje er uavhengige nok i arbeidsrettssakene (stilliingsvernsakene) fordi partane sine advokatar peiker ut eigen arbeidslivskyndig meddommar for den enkelte saka. Det opner for nære koplingar mellom meddommar og advokat, og aukar risikoen for at meddommaren vert utsatt for utanforliggande press til å stemme med den part som har peika hen ut. Også Virke og Norsk Lastebileier-Forbund har uttrykt uro for dagens system, det same har professor i sivilprosess, dr. jur Anna Nylund.

Marte Mjøs Persen (A)

Svar

Marte Mjøs Persen: I vedtaket representanten syner til, vert regjeringa oppmoda om å greie ut mogelege endringar i reglane i arbeidsmiljølova om oppnemning av arbeidslivskyndige meddommarar, slik at dagens ordning med utnemning av meddommarar i den einskilde saka etter forslag frå partane i saka, vert erstatta med tilfeldig uttrekk av meddommarar frå kvart av dei særskilde meddommarutvala.

Bakgrunnen for vedtaket er at nokre har sett spørsmålsteikn ved om domstolane er uavhengige nok i arbeidsrettssakene.

Eg vil understreke at regjeringa er oppteken av at domstolane i alle saker skal vere uavhengige og upartiske, og at dei har tillit hjå både brukarane og folk flest.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har sett i gong eit arbeid for å sjå nærare på korleis ordninga fungerer. Hausten 2021 gjennomførte departementet ei innspelsrunde for å danne seg eit bilete av korleis ordninga vert oppfatte blant hovudorganisasjonane i arbeidslivet og andre relevante aktørar. Hovudinntrykket etter denne kartlegginga er at ordninga med at partane i saka foreslår kvar sin meddommar frå dei særskilde utvala fungerer godt, og oppfyller formålet med å bringe ekspertise om tilhøva i arbeidslivet inn i saka. Samstundes er det nokre aktørar som peiker på at det kan oppstå situasjonar med uheldige bindingar mellom partane i saka og arbeidslivskyndige meddommarar. Etter gjeldande rett vert slike tilfelle løyst etter reglane i domstollova om inhabilitet.

Representanten syner også til at Noreg er klaga inn til Sosialrettskomiteen under Europarådet. Regjeringa sitt syn er at reglane i arbeidsmiljølova ikkje strir med pliktene staten har etter Sosialpakten. Dette byggjer mellom anna på at inhabilitetsreglane etter domstollova gjeld også for meddommarane i desse sakene, og hindrar at personar som har for sterke bindingar til ein part i saka kan oppnemnast som meddommar. Dette synet har vi lagt fram for Sosialrettskomiteen, som no behandlar saka.