Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1895 (2021-2022)
Innlevert: 24.04.2022
Sendt: 25.04.2022
Besvart: 03.05.2022 av landbruks- og matminister Sandra Borch

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kan landbruksministeren stadfeste at den midlertidige straumstønadsordninga for jordbruks- og veksthusnæring vil omfatte all produksjon i veksthus med klimaregulering – uavhengig av om produksjonen skjer i rom/hus laga av gjennomskinneleg materiale eller i klimaregulerte rom utan gjennomskinneleg materiale?

Begrunnelse

Stortinget vedtok før påske å forlenge den midlertidige straumstønadsordninga for jordbruks- og veksthusnæringa fram til mars 2023.
Bakgrunnen for vedtaket er at næringane opplever stor auke i sine produksjonskostnader som følgje av høg straumpris. Å gje straumstøtte til landbruket og veksthusnæringa vil kunne bidra til å halde oppe nasjonal produksjon av mat – noko som er endå meir kritisk etter krigsutbrotet i Ukraina og dei dramatiske følgjene det har for dei globale mat- og råvaremarknadene.
Det meste av matproduksjonen i veksthusnæringa i Noreg i dag skjer i tradisjonelle veksthus laga av gjennomskinneleg materiale (glas eller plast). Dei siste åra er det likevel stadig fleire veksthusprodusentar som dyrkar mat heilt eller delvis i klimaregulerte rom utan gjennomskinnelig materiale, med bruk av kunstig lys. Dermed blir det m a for fyrste gong mulig med heilårsproduksjon av produkt som elles ikkje kan produserast i Noreg, og i dag må importerast. Slik produksjon vil dermed bidra til å få ned importdelen av mat og utvide dei norske veksthusprodusentane sine produktkategoriar.
Eit døme på ein produsent som satsar stort på matproduksjon med ny veksthusteknologi er Onna Greens, som i sitt nye anlegg i Moss i klimaregulerte rom med kunstig lys legg opp til å produsere så mykje som eitt tonn salat om dagen. Denne type auka norsk produksjon av mat med ny teknologi vil vere viktig å legge til rette for også frå politisk hald, når vi veit at 60 prosent av all salat i Noreg pr. i dag er importert.
Det er i dag uklart for mange av dei innovative produsentane i klimaregulerte rom utan gjennomskinneleg materiale om straumstøtteordninga også gjeld for dei.
I regjeringa si sak til Stortinget og i Stortinget si handsaming av denne er det snakk om veksthusnæringa generelt – utan noko skilje mellom kva type materiale veksthusa er laga av. Eg legg difor til grunn at regjeringa i si oppfølging av Stortinget sitt vedtak vil sjå til at veksthus laga av gjennomskinneleg materiale og klimaregulerte rom med kunstig lys skal likehandsamast og få straumstøtte for sin nasjonalt viktige matproduksjon på lik linje, men ber for orden skuld Landbruksministeren om å stadfeste dette.

Sandra Borch (Sp)

Svar

Sandra Borch: Jeg viser til Stortingets behandling av Prop. 77 S (2021-2022) hvor strømstøtteordningene er vedtatt videreført til og med mars 2023. Etter nåværende ordning kan det gis strømstøtte til
veksthus med vegger og tak av gjennomsiktig materiale (og med klimaregulering), som brukes til produksjon av nærmere bestemte planter som skal omsettes i markedet.
Når det nå er bestemt at ordningen med strømstøtte skal forlenges, er det behov for å se på hvordan ordningen for veksthus skal innrettes. Mitt departement skal sende ny midlertidig forskrift om støtte som følge av ekstraordinære utgifter til elektrisk kraft for jordbruks- og veksthusnæringen på høring om kort tid. Jeg vil i den forbindelse gjøre en ny vurdering av hvilke typer veksthusproduksjoner som bør innlemmes i ordningen, herunder bygninger der matproduksjonen foregår i klimaregulerte rom uten gjennomsiktig materiale.