Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram kva berekna kostnadsgrunnlag som no er lagt til grunn for Møreaksen, berekna utifrå reell kostnadsvekst og framskreven kostnadsvekst for bygg og anlegg, transport, stål, betong, sprengstoff, og alt av kostnadselement for Møreaksen?
Begrunnelse
I media kan vi lese at Statens vegvesen region midt har lagt fram kraftig auka bompengenivå for det planlagte Møreaksen prosjektet på E-39.
Grunnlaget for at denne traseen snart 400 meter under Romsdalsfjorden vart valgt, var så kalla bu og arbeidsmarknadsregion. Det vart påstått at det var så viktig med valget av Møreaksen, med bakgrunn i at folk flest kunne bu i til dømes Molde og arbeide i Ålesund, og omvendt.
Det er no lagt fram at det blir dobbelt så dyrt som fyrst planlagt å krysse over Møreaksen, med personbil og med max rabatt.
174 kr ein veg skal dette koste. Dette blir 348 kr pr dag, 1 740 kr pr veke og 6 960 kr pr. mnd.
I tillegg til dette kjem bompengar frå Ålesund til Moa, Moa til Digerneset, Digerneset til Vik, Molde til Hjelset. Skal nokon såleis til dømes bu i Ålesund og arbeide på det nye sjukehuset på Molde, vil dette koste mellom 5-600kr pr dag. Dette er ein kostnad som ingen kan betale eller leve med. Bu og arbeidsmarknadsregion argumentet er med andre ord historie ang Møreaksen.
Eller veit vi no at prisane på stål, betong, alt innan transport, bygg og anlegg skyt rett til himmels, og med så mykje som 40-70 % prisvekst er nevnt. Dette blir truleg høgare. Likevel har ikkje Statens vegvesen region midt korrigert sine byggjekostnadsanslag med bakgrunn i dagens kjente situasjon. Dette er rett og slett useriøst og ser ut til å bli brukt for å "sminke" kostnaden på dette vanvittige sløseriprosjektet som Møreaksen faktisk er. Eg legg ellers merke til at regjeringa ved statsråden signaliserar at større vegprosjekt rundt omkring i landet vil kunne bli utsatt. Dette vil måtte bli vegprosjekt som har svært stor nytte, svært stor trafikkgrunnlag og såleis stor samfunnsnytte.
Møreaksen kjem lågast nede på denne skalaen, med sine begredelege 2300 bilar i døgnet forstår dei fleste at verken firefelts motorveg eller ein kostnad på fleire titals milliard kr kan forsvarast på nokon som helst måte. Ikkje er dette verken behov for, eller har forsvarleg samfunnsnytte. Dette også jamf. dei gedigne bompengekostnadane som faktisk er berekna på "gårsdagens prisnivå" som ikkje tek inn over seg den enorme kostnadsauken som har kome i bransjen.