Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:1925 (2021-2022)
Innlevert: 27.04.2022
Sendt: 28.04.2022
Rette vedkommende: Landbruks- og matministeren
Besvart: 05.05.2022 av landbruks- og matminister Sandra Borch

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan finansministeren leggje fram konsekvensane for landbruksnæringa i Møre og Romsdal, med bakgrunn i den kraftige kostnadsauken næringa har fått på svært mange driftsområder?

Begrunnelse

Landbruksnæringa er ei viktig næring for heile landet og for mitt heimfylke Møre og Romsdal.
Dagens prisauke innan drivstoff, straum, kunstgjødsel, kraftfôr, landbruksmaskiner osv., er dramatisk for denne viktige næringa.
Næringa opplever sjølvsagt med bakgrunn i dette ei akutt likviditetskrise, og dei kraftige auka kostnadane knekker drifta totalt.
Vi ser frå alle områder av landet at slakt blir meldt inn i stort omfang, og fleire meiner dei ikkje kan drive med bakgrunn i det som skjer. Finansministeren har gjeve melding om at han ikkje har tenkt å kompensere for dei skyhøge drivstoffprisane, som er spesielt alvorleg for landbruket. Landbruksnæringa har ikkje andre alternativ, og drivstoff står for ein stor prosent av driftskostnadane for eit bruk.
Ut over sjølve landbruket er det knytt til denne næringa tusenvis av arbeidsplassar i ulike servicenæringar for både landbruksutstyr, slakteri og matproduksjon osv. Desse arbeidsplassane er også i fare med bakgrunn i den alvorlege situasjonen med dei skyhøge kostnadane for næringa, og for næringslivet generelt.

Sandra Borch (Sp)

Svar

Sandra Borch: Spørsmålet er oversendt Landbruks- og matministeren for svar.
Den samla kostnadsauken på sentrale innsatsfaktorar i jordbruket sidan hausten 2021 har vært krevjande for heile næringa.
Budsjettnemnda for jordbruket har lagt fram grunnlagsmaterialet for årets jordbruks-forhandlingar, fordelt på tre utredningar. Utredning nr. 1 (Totalkalkylen) viser tal for heile jordbruksnæringa, ikkje fordelt på fylker. Utredning nr. 2 (Referansebruksberegninger 2022) viser berekningar på bruksnivå for ulike produksjonar, størrelse på bruk og områder, inndelt etter arealsoner. Utredning nr. 3 (Resultatkontrollen for gjennomføring av landbrukspolitikken) rapporterer mellom anna på fylker, med 2021 som siste registrerte år.
Jordbruksoppgjeret er ein viktig arena for å gå gjennom verkemidla og rammevilkåra saman med jordbruksorganisasjonane. Eg ser fram til årets forhandlingar. Jordbruket la fram sitt krav 27. april, og staten skal legge fram sitt tilbod 4. mai. Frist for forhandlingane er 16. mai. Etter dette vil eg leggje fram ein proposisjon for Stortinget om resultatet av forhandlingane. Proposisjonen vil også innehalde beskrivelse av situasjonen for jordbruket og korleis regjeringa vil bidra til å løyse utfordringane for denne næringa.