Alfred Jens Bjørlo (V): Vil landbruksministeren følgje opp Stortingets vedtak i februar i år om betre dyrevelferd for gris gjennom å legge til rette i årets landbruksoppgjer for at svinebønder kan kvalifisere til investeringsmidlar ved å gjennomføre framtidsretta dyrevelferdstiltak i tråd med oppdatert fagleg kunnskap som m.a. legg til rette for at grisane kan vere meir ute?
Begrunnelse
Det er gledeleg at organisasjonane i landbruket ber om investeringsmidlar til gris som del av årets jordbruksoppgjer. Det er eit stort investeringsbehov i svinenæringa, og det er positivt at jordbruket ønskjer å legge inn nye føringar for IBU-ordninga slik at svinebønder kan kvalifisere til investeringsmidlar for å gjennomføre dyrevelferdstiltak.
Det er no svært viktig at regjeringa følgjer opp vedtaket fra Stortinget i februar i år og sørger for at desse investeringane i oppgradering av grisefjøs blir framtidsretta, særleg med sikte på at grisane kan vere meir ute. Dagens forskrift er fagleg utdatert og overmoden for fornying. Bønder som investerer i nye fjøs med utgangspunkt i dagens forskriftskrav kan fort ende opp med for det første å gjere unødvendig dyre investeringar, og for det andre å stå med skjegget i postkassa når forskrifta blir oppdatert i tråd med ny kunnskap om dyra sine behov, mellom anna ved å få betydeleg større høve til å gå ute.
Auka satsing på utegris vil vere ei fornuftig og framtidsretta fornying av norsk landbrukspolitikk, som både gjev betre dyrevelferd, redusert investeringstrong for svinebønder og betre utnytting av lokalt ressursgrunnlag.