Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1975 (2021-2022)
Innlevert: 04.05.2022
Sendt: 04.05.2022
Besvart: 10.05.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselministeren sørge for at pengebruken og overføringane frå regjeringa vert prioritert til Nye veier AS innan samferdsel i Møre og Romsdal, slik at ein sikrar rask gjennomføring av prosjekta på E-136 eksportvegen?

Begrunnelse

Den siste tida har vi ved fleire høver sett ulike representantar frå regjeringa uttalt at samferdselsprosjekt må utsettast, nedeskalerast eller kuttast ut. Dette er begrunna i at dei meiner det er fare for inflasjon og oppheiting av økonomien dersom ein ikkje tar ned pengebruken i budsjettet.
Samtidig ser vi at samferdselsministeren fortsatt lar Statens vegvesen fortsette å planlegge gigantprosjekt til titals på titals milliard kroner, som også vil fyke til himmels kostnadsmessig med bakgrunn i den ekstreme kostnadsveksten.
Døme på dette er den greinalause Møreaksen i Møre og Romsdal, eit prosjekt folket og store delar av næringslivet heller ikkje vil ha.
Her har Statens vegvesen i ei årrekke prioritert opp Møreaksen på bekostning av den topprioriterte E-136 eksportvegen. I ein situasjon der regjeringa signaliserar mindre pengebruk innan samferdsel, burde i så fall mindre "gryteklare" prosjekt blitt prioritert. Dette er prosjekt som ikkje vil påføre press i økonomien om desse blir gjennomført. I Møre og Romsdal har E-136 frå Ålesund til Innlandet grense vorte prioritert som nr. 1 i snart 30 år, av både fylkekommunen men også samtlige kommunar i fylket samt næringslivet. Det er Nye veier as som no har fått ansvaret for E-136 Romsdalen, og mange ventar no på at prosjekta vert sett i gang. Vi ser også at Nye Veier as også utsett byggjestart på ulike prosjekt med bakgrunn i den ekstreme prisveksten bransjen opplever. På E-136 Romsdalen står krabbefelt ved Brustugelia til Innlandet grense ferdig prosjektert og byggjeklar. Dette prosjektet må settast i gang straks, og regjeringa må også sørge for nødvendig pengetilførsel til Nye Veier as, dersom dette er nødvendig.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til Prop. 78 S (2021-2022) om økonomiske tiltak som følgje av krigen i Ukraina. Norsk økonomi er no i ein høgkonjunktur, med utsikter til aukande lønns- og prisvekst og renteoppgang. Auka offentleg pengebruk i ein situasjon med høy aktivitet i økonomien og mangel på tilgjengelege ressursar, vil forsterke presset på prisar og lønningar.
Eg meiner det er viktig å bidra til å skape tryggleik i ei uroleg tid, men dette må skje gjennom ansvarlege prioriteringar og ikkje gjennom garantiar om oppstart av store samferdselsprosjekt.
I Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP) blei det lagt opp til at regjeringa tek sikte på ei gradvis innfasing av ressursane i planen. Ressursbruken i det enkelte budsjettår vil bli tilpassa det samla økonomiske opplegget i statsbudsjettet, innanfor rammene som følgjer av handlingsregelen og tilstanden i norsk økonomi. Det heiter også at endringar i det budsjettmessige handlingsrommet framover vil kunne påverke innfasing og gjennomføring av planen.
Vi ser no kvifor dette er ein viktig premiss i NTP og det er derfor eg har sagt at vi må sjå på prioriteringane våre på nytt, også innanfor samferdselssektoren. Stortinget har vidare bedt om ein gjennomgang av vegporteføljen i Nasjonal transportplan fram mot 2023-budsjettet. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med denne gjennomgangen. Prop. 1 S (2022-2023) vil innehalde regjeringa sitt forslag til ressursbruk i samferdselssektoren i 2023. Som kjend ligg det i Nye Veier AS’ modell at dei sjølv vurderer rekkjefølgje og oppstart for sine prosjekt innanfor dei fastsette økonomiske rammene for selskapet. For Statens vegvesen vil budsjettforslaget vise kva prioriteringar regjeringa gjer når det gjeld anleggsstart, førebuing for anleggsstart og vidare planlegging av store prosjekt.
Eg vil ikkje no gi noko garanti til planlagde prosjekt om at dei ikkje kan bli aktuelle å vurdere på nytt under arbeidet med å prioritere offentleg ressursbruk innanfor ei samla ansvarleg økonomisk ramme.