Sveinung Rotevatn (V): Er det i tråd med intensjonane til regjeringa at fartøy til bruk i petroleumsverksemd står i ein særstilling i meirverdiavgiftlova, medan det er full meirverdiavgiftplikt på tilsvarande fartøy som blir nytta i eksempelvis offshore vindkraft?
Begrunnelse
I Merverdiavgiftslova § 6-9 er det gitt ei rekke fritak frå meirverdiavgiftplikt for spesialfartøy til bruk i petroleumsverksemd. Fritaket omfattar sal og utleige av spesialfartøy, og dessutan driftsutstyr som blir levert saman med fartøya, og vidare levering av tenester i samband med bygging, ombygging, reparasjon og vedlikehald av spesialfartøy. Det er òg gitt fritak frå meirverdiavgift ved sal av varer og tenester til fartøya, jfr. meirverdiavgiftlova § 6-30.
Føresetnaden for desse fritaka er at fartøyet er spesielt bygd eller bygget om til bruk i petroleumsverksemda, og dessutan at fartøyet har oppdrag i slik verksemd. Det avgjerande for statusen til fartøyet i avgiftssamanheng er såleis den aktuelle bruken til fartøyet, som må kunna dokumenterast med stadfesting frå kjøpar.
I lys av utviklinga mot grønare industri, med aukande forventningar globalt og nasjonalt til rapportering og nedtrapping av klimautslepp og til innføring av klimanøytrale prosessar, kan det ikkje lengre forsvars at petroleumsverksemda skal stå i ein fordelaktig særstilling samanlikna med annan industri som søkar grønare alternativ.
Formuleringa av dagens reglar inneber at fartøy som kan nyttast i både petroleumsverksemd og offshore havvind vil vera avgiftspliktig dersom skipet har oppdrag innanfor havvindindustrien, medan det ikkje skal bereknast meirverdiavgift dersom det skal nyttiggjerast i petroleumsverksemd. Det vil òg vera meirverdiavgiftplikt ved ombygging av petroleumsfartøy til bruk i offshore havvind-prosjekt, utan at det er gitt ei formålstenleg grunngiving for dette.
I tråd med intensjonane om utvikling av ein norsk havvindindustri, må det vera eit minimumskrav at industrien blir gitt dei same økonomiske vilkår som petroleumsnæringa opererer i.