Birgit Oline Kjerstad (SV): I 2020 melde Norge seg inn i 4-per-1000, det internasjonale initiativet for å auke karbonlagring i jord med fire promille årleg. I rapporten “Nasjonalt program for jordhelse”, som regjeringa fekk laga, kom det fram at drenering, fangvekstar og mindre jordarbeiding er gode tiltak, men at det trengst bedre tilskuddsordninger.
Vil regjeringa auke midlar til tilskuddsordningar slik at bønder kan forbedre jordhelsa og auke lagring av karbon i jord, og i så fall, kor mye og korleis vil dette bli innretta?
Begrunnelse
Karbon er essensielt for godt jordliv. Jordlivet skaper sunn matjord med god dreneringsevne. Å flytte karbon frå atmosfæren til jord vil ikkje berre vere positivt for klimaet, men også bidra til auka naturmangfald, mattryggleik og til klimatilpassing av jordbruket.
Innhaldet av karbon i jord i form av organisk materiale er viktig for å sikre jorda si evne til å halde på vatn og næringsemne. Samtidig er dette viktig for karbonbalansen. Ved ulik jordbrukspraksis kan jorda vere ei kjelde til karbonutslepp eller virke som ein sluk som fanger og lagrar karbon i jorda. Dersom norsk landbruk tek i bruk metodar som aukar lagring av karbon i jorda, vil dette både auke jorda sine gode eigenskapar, gi bedre jordhelse og redusere mengda co2 i lufta.
4-per-1000 er eit internasjonalt initiativ som vart initiert av Frankrike under klimakonferansen i Paris i 2015. Initiativet har som mål å demonstrere at landbruket, og spesielt landbruksjord, kan spele ei viktig rolle både for matforsyning og klimatilpasning, samt å redusere global oppvarming. Ein årleg auke på 4 promille av karbonlageret i jord, vil redusere CO2-konsentrasjonen i atmosfæren knytt til menneskelige aktiviteter vesentleg. Karbonlagring i jord har også blitt løfta fram internasjonalt det siste året, både på COP26 og FNs mattoppmøtet (food system summit).
Rapporten Nasjonalt Program for jordhelse kom i 2020 og under punkt 6.1 blir det vist til at fangvekstar er bra både som forkultur, underkultur og etterkultur. Når det kjem til jordarbeiding oppfordrar rapporten til ingen jordarbeiding på flomutsette områder, og mindre jordarbeiding generelt. God drenering av jorda er viktig både for god jordstruktur og stor avling av god kvalitet. Å legge om jordbruksdrifta kan imidlertid medføre auka kostnader og meir arbeid for bonden. Det finst nokre tilskuddsordningar for desse tiltaka, men rapporten viser at dei ordningane som finst i dag ikkje er gode nok.
I Hurdalsplatforma har regjeringa sett seg som mål å redusere klimagassutsleppa frå landbruket og auke opptaket av karbon. Å sikre auka mengde karbon i jord er eit viktig tiltak for å oppnå dette målet. Som #Bondeopprøret har vist er norske bønder i ein svært pressa økonomisk situasjon. Det vil difor være viktig å sikre ordninger som støtter bønder.