Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til statsministeren

Dokument nr. 15:2022 (2021-2022)
Innlevert: 10.05.2022
Sendt: 11.05.2022
Besvart: 16.05.2022 av statsminister Jonas Gahr Støre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Danmark, Nederland, Belgia og Tyskland går no saman med EU-kommisjonen om ein felles visjon om utbygging av havvind i Nordsjøen, og Statsministeren i Danmark inviterer til havvind-toppmøte 18. mai for å starte opp dette arbeidet.
Kva trur statsministeren er årsaka til at Noreg ikkje er invitert med på toppmøtet, og vil statsministeren ta nødvendige politiske grep for at Noreg blir kobla på dette samarbeidet om ei samla utbygging av havvind i Nordsjøen?

Begrunnelse

I følgje ei pressemelding frå statsministerens kontor i Danmark, referert i tidsskriftet Energi og Klima, er føremålet med dette møtet at dei inviterte landa skal einast om ein felles visjon for utbygging av havvind og tilhøyrande infrastruktur i Nordsjøen. Statsministrane i Nederland og Belgia er invitert til møtet, saman med Tyskland sin forbundskansler og EU-kommisjonens leiar Ursula von der Leyen. Parallelt med dette toppmøtet skal energiministrane frå dei same landa og EUs energikommissær ha eit eige møte.
Toppmøtet finn stad same dag som EU-kommisjonen er venta å legge fram ein oppdatert og vidareutvikla versjon av RepowerEU, med høgare og meir konkrete mål enn det som er nedfelt i lovpakken “Fit for 55“.
Noreg er så langt eg er kjend med, ikkje invitert med på Nordsjø-toppmøtet som no finn stad. Ei mulig årsak til dette, er at Senterpartiet har fått gjennomslag i regjering for at Noreg skal vere «oss sjølv nok» og isolere oss frå resten av Nordsjø-landa i vår planlagde havvind-utbygging, i staden for å samarbeide solidarisk med resten av Europa om å gjere oss i fellesskap raskast mogleg uavhengige av fossil energi.
Det er interessant å vite om det er denne åleine-gang strategien til regjeringa Støre, pressa fram av Senterpartiet, som no gjer at vi er sett på sidelinja når resten av Nordsjø-landa samlast, eller det er andre årsaker til dette. Det er også viktig å vite kva Statsministeren vil gjere for at Noreg raskast råd blir kobla på dette historiske taktskiftet i havvind-satsinga i Nordsjø-bassenget.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Møtet det vises til er et møte mellom Europakommisjonen og fire medlemsland i EU. Det er derfor ikke helt unaturlig at Norge ikke er invitert til møtet. Norge har imidlertid et godt samarbeid med alle disse landene og Kommisjonen gjennom Nordsjø-samarbeidet. I North Seas Energy Coorporation (NSEC) samarbeider nordsjølandene om vindkraft til havs. Europakommisjonen, Belgia, Danmark, Tyskland, Irland, Frankrike, Luxemburg, Nederland, Sverige og Norge deltar. I tillegg har vi bilaterale møter og dialog om havvind med flere av våre naboland. Samarbeidet blir ytterligere viktig med regjeringens økte ambisjoner innen havvind, noe jeg også vil følge godt opp overfor våre samarbeidspartnere.