Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2030 (2021-2022)
Innlevert: 11.05.2022
Sendt: 11.05.2022
Besvart: 18.05.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram eit detaljert oppsett over kva som er forventa av samferdselsprosjekt som vil bli sett i gang i 2022, og til kva kostnad?

Begrunnelse

Regjeringa og samferdselsministeren samt andre frå regjeringspartia har den siste tida vore ute og signalisert redusert pengebruk innan vegbygging i 2022. I statsbudsjettet ligg ca. 19 milliard kr til vegbygging.
Transport og anleggsbransjen er heilt avhengige av aktivitet innan sitt arbeidsfelt, for å hindre permiteringar og oppsigelsar i sine bedrifter.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Dei endringane i ressursbruk som regjeringa ser behov for i 2022 er omtalt i Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022. Som omtalt i Meld. St. 2 (2021 – 2022) Revidert nasjonalbudsjett ser vi ein ekstraordinær prisauke, blant annet som følgje av krigen i Ukraina. Det er auka uvisse om framtidige kostnader, og det vil kunne påverke kor mykje som vil bli sett i gang i 2022, men dette vil også vere ei vurdering som må gjerast av dei statlege verksemdene innan samferdsel ved den einskilde kontraktsinngåinga.
Representanten viser i grunngivinga si til signal om redusert pengebruk innan vegbygging i 2022. For oppstart av store vegprosjekt som har bompengar vil Stortinget få proposisjonar til avgjerd for dei einskilde prosjekt.
I tråd med omtale i Meld. St. 20 (2020-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033 blir det i Prop. 1 S (2021-2022) lagt opp til å gi Bane NOR større operasjonell fridom innanfor porteføljen. Dette inneber at det ikkje nødvendigvis blir løyvt midlar til dei einskilde tiltaka, men at Bane NOR forpliktar seg til å realisere avtalte effektpakkar innanfor totalramma Stortinget løyver. Dette inneber at Bane NOR styrer framdrifta i prosjekta og dermed kva kontraktar som kjem og til kva tid dei kjem.