Sigbjørn Framnes (FrP): Fjelbergsambandet er eit ferjeavløysingsprosjekt, kva blir finansieringssummen til ferjeavløysing for dette sambandet før og etter at ferja no blir gratis for brukarane?
Begrunnelse
Ferjeavløysingsordninga FrP fekk på plass er ein fornuftig og god finansieringsordning slik at fleire kan bu og drive næring langs heile kysten utan bruk av ferje. Tanken er at kostnadane det offentlege har til ferjedrift, skal kunne gå inn som del av finansieringa av fastlandssamband i 45 år framfor ferjetilskott i all evighet. Gledelig har regjeringa no kome Fremskrittspartiet i møte med redusering av takstane på ferjene og fjerna betalinga på nokre ferjestrekningar med lav passasjertal. Noko som gjer at kostnadane til drift av ferjer går opp for det offentlege. Eg lurer på om dette auka tilskottet og bidreg til auka ferjeavløysingstilskott til prosjekta som Fjellbergssambandet i Kvinherad kommune.