Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2070 (2021-2022) Innlevert: 15.05.2022 Sendt: 16.05.2022 Besvart: 25.05.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Alfred Jens Bjørlo (V): Meiner regjeringa det er fornuftig at folk må ta med seg bil for å reise gratis slik regjeringa har lova på båtane som går til øyene i Flora-bassenget i Kinn kommune i Vestland, eller vil regjeringa sørge for at det blir gratis å ta bilførande båt i Flora-bassenget også for gåande eller syklande passasjerar utan bil, på same måte som det blir for bilistar?
Jon-Ivar Nygård: Ordninga med gratis ferjer gjeld bilførande fartøy, ikkje båtruter. I ein del tilfelle eksisterer kombinerte ruter. I inntektssystemet til fylkeskommunane er det etablert eit skilje mellom kva som vert rekna som ferje, og kva som er båtruter. I den samanhengen vert ei rute rekna som båtrute, uavhengig av fartøystype, så lenge fartøyet fraktar passasjerar, og så lenge eventuell biltrafikk er på under 10 personbileiningar i årsdøgntrafikk.I dei fleste ferjesamband er det ikkje billettering av passasjerar. Eg kjenner ikkje konkret til korleis tilbodet er utforma for båt- og ferjeruter i Florabassenget, og om det skulle vera tilfelle at passasjerar på ferjerutene vert billetterte der. Det er mellom anna derfor at vi i framlegget eksplisitt har opplyst om at innfasing og innretning av ordninga med gratis ferje må vurderast konkret av fylkeskommunane for kvart enkelt samband.