Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2116 (2021-2022)
Innlevert: 20.05.2022
Sendt: 20.05.2022
Besvart: 27.05.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): I RNB er det lagt klare forventningar til fylkeskommunane om å gjera fleire ferjesamband med lågt passasjertal gratis gjennom statlege overføringar til fylkeskommunane.
Vil det vera aktuelt å kompensera også bortfall av bompengeinntekter saman med bortfall av billettinntekter?

Begrunnelse

Stortinget vedtok 19.05.22 Kvinnheradspakken. Føresetnaden for pakken er at det skal krevjast inn bompengar over ferjebilletten på fleire av sambanda inn mot Kvinnherad. Ein av dei ferjestrekningane som skal ha bompengar (Varaldsøy – Årsnes) har færre enn 100 000 passasjerar pr. år, og vil dermed falle inn under gratis ferje foreslått i RNB, med overføringar for bortfall av billettinntekter til fylkeskommunen.
Likevel er det lagt opp til bompengeinnkrevjing på dette sambandet. Det vil vera av interesse å få klarheit i om departementet føreset at dette skal vera eit gratis samband og difor tilleggskompensera fylkeskommunen for bortfall av bompengeinntekter, eller om dette vert ei fylkeskommunal prioritering. Ber også om at ein vurderer meirkostnadane ein slik innkrevjing vil medføra gitt at utgiftene med billettering i utgangspunktet ikkje vil ligga til grunn.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Spørsmålet gjeld Kvinnheradpakken som Stortinget gjorde vedtak om 19. mai 2022, jf. Prop. 100 S og Innst. 301 S (2021-2022). I denne bompengepakken har det lokalt vore ønskje om innkrevjing av bompengar på ferjesambanda i Kvinnherad kommune i staden for å setje opp innkrevingspunkt langs vegen. Bompengane vil bli lagt på som eit kronetillegg uavhengig av prisen på ferjebilletten. Det betyr at det i utgangspunktet vil bli innkravd like mykje bompengar sjølv om ferjetaksten blir endra.
Innfasing av gratis ferjer i trafikksvake samband er nærmare omtala i Prop. 115 S Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022. Regjeringa foreslår mellom anna å auke løyvinga over rammetilskotet til fylkeskommunane, som vil leggje til rette for at fylkeskommunane kan innføre gratis ferje på fylkeskommunale ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg.
Regjeringa har ikkje lagt opp til å kompensere for bompengeinntekter som skal krevjast inn på ferjesambanda som er omfatta av finansieringsopplegget for Kvinnheradpakken.