Alfred Jens Bjørlo (V): Stortinget vedtok i februar i år å be regjeringen legge fram ei heilskapleg stortingsmelding om dyrevelferd som omfattar både produksjonsdyr i landbruket, kjæledyr og fiskeoppdrett, seinast i vårsesjonen 2023.
Kva er status for arbeidet med denne stortingsmeldinga?
Begrunnelse
Stortinget sitt vedtak som det er synt til i spørsmålet, vart gjort i samband med handsaminga av Venstre sitt representantforslag om styrka dyrevelferd for produksjonsdyr, jmf. Dok. 8:25S (2021-2022).
Av vedtaket framgår det at Regjeringa vert beden om å greie ut og foreslå konkrete tiltak i meldinga både for betra dyrevelferd generelt og for spesifikke artar/grupper av dyr, herunder følgjande tema:
• å greie ut korleis økonomiske verkemiddel i landbrukspolitikken kan innrettast på ein måte som løner god dyrevelferd.
• å greie ut korleis norsk regelverk vil måtte endrast ved implementering av EU sitt varsla forbod mot hald av dyr i bur og trange bingar.
• å greie ut Mattilsynet sin kontroll- og rettleiingsfunksjon og trong for ressursar for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av dyrevelferden i landbruket.
• å greie ut merkeordningar som gjer det lettare for forbrukaren å velje dyrevenlege produkt. Ei slik merkeordning kan vere statleg eller privat.
Stortinget vedtok også at dyrevelferdsmeldinga må byggje på oppdatert kunnskap om dyrevelferd med utgangspunkt i faglege og faktiske tilhøve.