Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Olje- og energidepartementet fastsette den 8. april 2021 ei forskriftsendring som opna for at avtale med vilkår om utkobling skal erstatta krav til anleggsbidrag til nye linjer. Eit selskap som har bede om kapasitet til å ta ut straum frå sentralnettet opplever at Statnett ikkje tek omsyn til denne forskriftsendringa.
Kan statsråden stadfesta at aktørar som gjer avtale med vilkår om utkopling, ikkje skal krevjast for anleggsbidrag til bygging av nye linjer (jf. FOR-2021-04-07-1072)?
Begrunnelse
Opppdrettsselskapet Lerøy Sjøtroll har ei tid hatt ein prosess gåande med Statnett for å sikra seg nok kraft til eit nytt postsmoltanlegg dei skal byggja i Fitjar kommune. Statnett har komme med krav om at selskapet skal betala anleggsbidrag for den nye linja som skal byggjast mellom Blåfalli i Kvinnherad og Gismarvik i Tysvær. Selskapet meiner dei ikkje kan påleggjast dette sidan dei inngår avtale om utkopling, og ikkje kan krevja refusjon ved straumbrot. Styresmaktene har teke til orde for å utnytta kapasiteten i sentralnettet betre, noko som kan redusera behovet for investering i nye kostbare linjer. Lerøy Sjøtroll meiner dei bidreg til betre utnytting av nettet ved å ha eigen reservekapasitet. Difor meiner dei at dei ikkje kan påleggjast å betala anleggsbidrag for ei linje som dei sjølv bidreg til at det ikkje er behov for. Denne argumentasjonen er i tråd med ei forskriftsendring som vart fastsett av Olje- og energidepartementet v/ Tina Bru den 8. april 2021.