Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2162 (2021-2022)
Innlevert: 25.05.2022
Sendt: 25.05.2022
Besvart: 02.06.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Hvordan følger barne- og familieministeren opp, på kort og lengre sikt, kravet om kompetanse som ble vedtatt i barnevernsloven?

Begrunnelse

I innst. 625 L (2020-2021) var familie- og kulturkomiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, enige i at det er riktig å lovfeste krav til barnevernsfaglig mastergrad eller annen relevant mastergradsutdanning for ansatte i det kommunale barnevernet som skal jobbe med nærmere definerte kjerneoppgaver, for barnevernstjenestens leder og ledere i barnevernsinstitusjoner. Det samme flertallet støttet videre det å innføre et krav om relevant bachelorutdanning for nyansatte i barnevernsinstitusjon.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Riktig kompetanse i barnevernet er avgjerande for at barn og foreldre skal få hjelp. Barn og unge skal bli møtt av eit godt og kompetent barnevern uavhengig av kvar dei bur, og kva saksbehandlar dei har. Eg vil sjølvsagt følgja opp Stortingets vedtak. Det er allereie gjennomført fleire tiltak som skal sørge for god iverksetjing av dei nye kompetansekrava. For å kompansere kommunar og Bufetat for meirkostnadene som følgjer med dei auka krava til kompetanse, er det gitt løyve på 60 mill. kroner i 2022. I tillegg er det gitt løyve på 17 mill. kroner for å bidra til at fleire kan få praksis i barnevernet under studiet.
Ei føresetnad for at kommunar og institusjonar skal kunne oppfylle kompetansekrava Stortinget har vedteke, er at det blir utdanna eit tilstrekkeleg antall mastergradskandidatar. Hausten 2022 startar fleire universitet og høgskular opp barnevernsfaglege mastergrader, og i 2022 er det gitt løyve til 300 studieplassar gjennom Utdanningsløftet. Utdanningsinstitusjonane melder om gode søkartal, sjølv om kravet om mastergrad først blir fullt ut gjeldande fra 2031. I tillegg har Bufdir utvikla faglege anbefalingar om korleis ein skal forstå dei nye kompetansekrava, herunder kva som utgjer relevant kompetanse i barnevernsinstitusjonar og i barnevernstenester. Anbefalingane vil vera til hjelp for kommunar og institusjonseigarar som skal følgje opp krava.
Bufdir har vidare fått i oppdrag å følgje opp og legge til rette for iverksetjing av nye kompetansekrav i statleg og kommunalt barnevern. Direktoratet er mellom anna i ferd med å etablere statistikk som lar oss følgje med på utviklinga over kor mange tilsette som oppfyller kompetansekrava. Det vil gi oss moglegheit til å auke antalet studieplassar eller setje i verk andre naudsynte tiltak for at barnevernet skal kunne oppfylle dei nye kompetansekrava innan 2031.
Stortinget har bedt om ei utgreiing av autorisasjon for dei som skal jobbe med omsorgsovertakingar. Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021). Eg har følgt opp vedtaket ved å ta inn utgreiing av autorisasjonsordning i mandatet til barnevernsutvalet. Utvalet skal levera utgreiinga si i mars 2023.