Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram eit detaljert oppsett som syner berekningsgrunnlaget og resultatet av ferjeavløysingsmodellen for FV 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal?
Begrunnelse
Det er fastsett ny modell for berekning av ferjeavløysingsmidlar, av førige regjering.
I Nordøyvegprosjektet på fv 659 er det berekna ferjeavløysingsmidlar i finansieringsplanen og dette er stadfesta av departement til fylkeskommunen.
Det er no ein diskusjon ikring kva berekningsgrunnlag som er nytta og med kva år i ferjedrifta ein har brukt som grunnlag i utrekninga av ferjeavløysingsmidlane for prosjektet.