Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2182 (2021-2022)
Innlevert: 29.05.2022
Sendt: 30.05.2022
Besvart: 07.06.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Hvordan kan Færder kommune etter statsråden sitt syn gå frem for å rydde opp i og få slike brygger inn i godkjent stand slik lokaldemokratiet ønsker?

Begrunnelse

Færder kommune har en praksis med å etterhåndsgodkjenne brygger som er dokumentert oppført før 4. august 1986. Dette har sin bakgrunn i at det var uklarhet rundt rettstilstanden for meldepliktige brygger frem til 4. august 1986. Denne praksisen som fremstår som rimelig og som er lokalt ønska har departementet 15.10.21 slått fast ikke kan brukes lenger. Statsforvalteren har på den bakgrunn avslått sakene fra Færder kommune. Dermed er det mange brygger fra før 1986 som kommunen ønsker å rydde opp i og få godkjent som departementet skaper utfordringer for det lokale selvstyre å ta hånd om.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Plan- og bygningslova skal vareta natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser i strandsona. Ulovleg bygging i strandsona kan øydeleggje landskapet og privatisere område som skal vere allment tilgjengelege. Det er derfor viktig at kommunane følger opp ulovlege tiltak i strandsona, sjølv om det har gått lang tid.
Fleire kommunar har gjennom åra gjort eit stort og viktig arbeid med å kartleggje forholda i strandsona. Derfor har kommunane på ein del eigedomar undersøkt om konkrete tiltak, mellom anna brygger, har nødvendige løyve etter plan- og bygningslova. Spørsmålet om løyve må avgjerast med utgangspunkt i reglane som gjaldt då brygga blei etablert. I nokre tilfelle må ein då rette blikket mot reglar og praksis som kan liggje opp mot femti år tilbake.
At det har gått lang tid, er ikkje einstydande med at det er uklart kva for reglar som gjaldt. Brevet frå 15. oktober 2021, som stortingsrepresentanten viser til, var eit svar til plan- og bygningsetaten i Oslo på spørsmål om meldeplikt for brygger etter bygningslova av 1965. I brevet er det gått gjennom praksis som viser at brygger var meldepliktige etter bygningslova av 1965.
Brevet frå 15. oktober 2021 er ikkje til hinder for at kommunane kan etterhandsgodkjenne brygger som er ført opp ulovleg før 4. august 1986. Kommunane kan derimot ikkje gje løyve åleine med den grunngjeving at praksis etter bygningslova av 1965 var uklar, for det var den altså ikkje.
Eg kan såleis ikkje sjå at Færder kommune er forhindra frå å kunne rydde opp i og etterhandsgodkjenne ulovleg oppførte brygger.