Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2187 (2021-2022)
Innlevert: 30.05.2022
Sendt: 30.05.2022
Besvart: 09.06.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kvifor ministeren i debatten ang Prop. 93 S (2021-2022) feilinformerte Stortinget ved å hevde at ferjestrekningane til Nordøyane hadde høgare ant reisande enn 100 00 stk. pr. år?

Begrunnelse

I debatten ang Prop. 93 S ang. finansiering av FV 659 Nordøyvegen, hevda samferdselsministeren at det ikkje var riktig at ferjesambanda til Nordøyane var under 100 000 reisande pr år.
Etter å ha sjekka denne påstanden viser det seg at det kun er delstrekninga Skjeltene - Haramsøy som har over 100 000 reisande, dei andre strekningane ligger godt under.
Snittet for alle ferjestrekningane samla sett ligg godt under 100 000 reisande pr år, samt at grunnen til at Skjeltene - Haramsøy ligger så vidt over 100 000 reisande er anleggstrafikken ved bygginga av Nordøyvegen. Alle åra før oppstart av Nordøyvegen ligger også Skjeltene - Harmsøy langt under 100 000 reisande. Det kan umuleg vere slik, at med bakgrunn i at anleggsarbeidet medfører betydeleg ekstra trafikk som overstig 100 000 reisande på ei av fleire delstrekninger, medfører dette at innbyggjarane og næringslivet ikkje skal samanliknast med andre øysamfunn i ein normalsituasjon. Enda verre blir det når samferdselsministeren og regjeringa brukar dette som argument for å ikkje likestille Nordøyane og øysamfunna der, med øysamfunna i resten av landet.
Nordøyane blir ikkje berre råka av at dei er einaste øysamfunnet i landet som ikkje får nyte godt av gratis ferjer på strekningar med under 100 000 reisande, men får også takstane for bompengar auka kraftig med bakgrunn i berekning av ferjeavløysingsmidlane på eit svært ugunstig tidspunkt.
Nyleg oppdatert rapport frå DELOITTE syner at besparelsen ved å bygge Nordøyvegen kontra fortsatt ferjedrift er på heile 2 029 000 000 kr, som er i sterk kontrast med samferdselsministeren sitt framlegg og argumentasjon i Prop. 93 S samt i innlegget og argumentasjonen frå statsråden i samme sak i Stortingssalen. Der var ein mest oppteken av at det var Fylkeskommunen sitt ansvar som hadde sett i gang dette prosjektet som hadde fått overskridelsar, ikkje eit komma ang det faktum at den samme regjering og fylkeskommune sparar milliardbeløp kontra fortsatt ferjedrift, sparte skattepengar som altså innbyggjarane i Nordøyane IKKJE skal kunne få ta del i.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til debatten om Prop. 93 S (2021-2022) der eg informerte Stortinget om at ferjesambandet Brattvåg–Dryna–Fjørtofta–Harøya hadde langt over 100 000 passasjerar i 2019, og kjem derfor ikkje inn i ordninga med gratis ferje i trafikksvake samband. Eg har derfor ikkje feilinformert Stortinget slik stortingsrepresentanten hevdar.