Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram korleis regjeringa har tenkt å finansiere dei ulike kostnads- og driftsnivåa, ulike ferjetilbod, bompengar på ferjene, lokale drivstoffavgifter med totalt ulike kostnadsgrunnlag for å gjennomføre gratis ferjer for samband under 100 000 reisande?
Begrunnelse
Regjeringa har varsla at ferjesamband med mindre enn 100 000 reisande pr. år skal bli gratis.
For finansiering av fylkesvegferjene er det utarbeidd ein nasjonal ferjestandard som dannar grunnlaget for tildelinga av tilskot til fylka for dei enkelte ferjesambanda. Det er stor forskjell mellom ferjestandarden i dei ulike ferjesambanda i heile landet. Nokre ligger på nasjonal ferjestandar men mange ligger langt over. Dette gjelder både størrelse på ferjer, antall avgangar pr. dag osv. Kostnadane som gå utover dei statlege overføringane vert i dag finansiert av fylka sjølve.
Ein legg også merke til at Høgre som ivrig stemte for bompengar og jubla over dette i til dømes Kvinnheradpakken, no presterar å problematiser at det blir bompengar på ferjer som skal få gratis ferjebilett. Snakk om å møte seg sjølv i døra, fyrst vedta bompengar mot FrP sine stemmer, for så å oppdage at dette rammar gratisferjer som slett ikkje blir gratis likevell. Ein eller anna merkeleg bompengepolitikk i praksis!