Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2212 (2021-2022)
Innlevert: 31.05.2022
Sendt: 01.06.2022
Besvart: 13.06.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Når tid tenker statsråden og gi et svar på grensejusteringsspørsmålet mellom Sandnes og resten av "gamle Forsand", hvor de ønsker å bli en del av Strand kommune?

Begrunnelse

Dette er en sak som har vært en betent sak over lenger tid. Når ferjetilbudet mellom Forsand og Sandnes i tillegg blir redusert eller avsluttet, blir det en lang vei til kommunale tjenester fra Forsand, via Strand og Stavanger før innbyggerne kommer til kommunale tjenester som legevakt, ulike kommunale kontor og tjenester. Denne langvarige debatten tjener ingen, aller minst folket på Forsand. De fortjener å bli hørt.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Statsforvaltaren i Rogaland har greidd ut spørsmålet om grensejustering mellom Sandnes og Strand kommunar for det som representanten omtalar som «resten av gamle Forsand». Statsforvaltaren sendte over si tilråding på dette spørsmålet til departementet i slutten av februar. I tillegg inneheld saka ytterlegare to initiativ til grensejustering, høvesvis for Kolabygda og i Lysebotn, der statsforvaltaren si tilråding med avvising av det siste initiativet låg føre først i mai. Alle desse vurderingane og tilrådingane frå statsforvaltaren vert handsama samla av departementet. Departementet har òg gjennomført møter med Sandnes og Strand kommunar for å få deira innspel. Statsforvaltaren oppsummerar synspunkta frå innbyggjarar og bedrifter mv. slik i si utgreiing:

«Det har vore stort engasjement rundt saka og Statsforvaltaren har motteke mange innspel. Frå private partar er det synspunkt i begge retningar. På den eine sida er det fleire innbyggjarar som viser til at Forsand ved å gå inn i Sandnes har fått eit løft i kompetanseutvikling og tenestetilbod og at Sandnes raskt følgjer opp når det trengst i Forsand. Som kjent for departementet har ei gruppe innbyggjarar i Lysebotn meldt at dei ønsker å endre grense slik at dei vil høyre til Sirdal, dersom denne saka endar med grensejustering slik det er søkt om. I brev av 28.10.21 signert fleire tidlegare representantar i Forsand kommunestyre, nokre av dei no engasjerte i Sandnes kommunestyre, gir dei uttrykk for at det er ein omkamp og i realiteten eit forsøk på reversering av samanslåinga av Forsand og Sandnes. Vi har motteke innspel frå bedrifter som er uroa for framtidig drift, ettersom dei treng langsiktige avklaringar med kommunen og er avhengig av dialog med kommunen om planprosess mv. På den andre sida har vi motteke synspunkt og frå dei som syns diverse tilbod har vorte dårlegare etter at Forsand blei ein del av Nye Sandnes, og som meiner at geografisk nærleik til Strand gir betre butilhøve på sentrale område. Og at ein ved å høyre til Strand vil ha større høve til påverknad på eigen kvardag, samt eit betre grunnlag for framtidig styring av Ryfylkeregionen.»

Saka er til handsaming i departementet. Eg har forståing for at innbyggjarane dette gjeld ventar på ei attendemelding, noko departementet vil bidra til etter at saka er ferdig handsama.