Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2226 (2021-2022)
Innlevert: 02.06.2022
Sendt: 02.06.2022
Besvart: 09.06.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva er bakgrunnen for at regjeringa har lagt fram ei ny teknisk forskrift for bygg utan å stille klimakrav til materiala i nye bygg slik ei nær samla byggebransje har ønska, samt å stille betydeleg lågare krav til avfallssortering enn det som allereie er vanleg praksis i byggebransjen?

Begrunnelse

Regjeringa la 1. juni fram endringar i energi-, klima- og miljøkrava i byggteknisk forskrift og tilhøyrande endringar i byggesaksforskrifta.
Bygg og anlegg står for rundt 15 prosent av klimagassutsleppa i Noreg, og er den største kjelda til avfall her i landet. Næringa er derfor viktig for at vi skal nå norske klima- og miljømål.
Endringane er på fleire område skuffande passive og konservative sett frå ein klima- og miljøståstad. Kravet til sortering av avfall på byggeplass aukar berre frå 60 til 70 prosent, sjølv om det i dag er vanleg praksis med rundt 90 % sortering, og fullt mulig å gå endå høgare. Det blir heller ikkje stilt klimakrav til materiale i nye bygg, sjølv om dette er eitt av dei mest kostnadseffektive tiltaka for å kutte klimautslepp i Noreg, og ei nær samla byggebransje ønskjer dette.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Endringane regjeringa har vedtatt er basert på eit forslag som var på høyring juli-september 2021. Høyringa foreslo fleire endringar, mellom anna å innføre krav om klimagassrekneskap ved bygging av større bygg, som bustadblokker og yrkesbygg, og å auke kravet til sortering av avfall ved tiltak i nye og eksisterande bygg frå 60 til 70 prosent.
Hurdalsplattforma slår fast at vi må skjerpe krava til byggenæringa. Samtidig er det eit mål å halde byggekostnadene så låge som mogleg. Desse omsyna må vi balansere. Byggekostnadene er allereie høge, og feil utforma krav kan auke dei endå meir, utan at vi kjenner klimagevinsten.
Høyringsforslaget frå i fjor omfatta ikkje forslag om obligatoriske klimakrav til materiala i nye bygg. Det er ein del av bakgrunnen for at regjeringa heller ikkje har vedtatt eit slikt krav, vi kan ikkje innføre nye krav utan utgreiing og høyring. Sjølv om mange tar til orde for at byggenæringa er klar for klimakrav til materiale allereie no, er det ikkje like eintydig korleis slike obligatoriske krav for nye bygg faktisk bør sjå ut. Vi treng kunnskap om kor store klimagassutsleppa er frå bygging i dag, kor mykje det er mogleg å redusere dei, og korleis byggekostnadene blir påverka. Denne kunnskapen er vi i gang med å hente inn. Eg vil understreke at dei i næringa som ønsker å bygge med materiale med lågare utslepp, kan det i dag. Dei treng ikkje vente på krav.
Krava i byggteknisk forskrift skal etterlevast i heile landet. Det er høgare kostnader ved sortering av avfall i distrikta når det er langt mellom avfallsmottaka, samanlikna med sentrale område. Når vi har vedtatt å auke kravet til sortering av avfall ved tiltak i nye og eksisterande bygg frå 60 til 70 prosent, slik det også var lagt opp til i høyringa, har vi tatt omsyn til dette. Kravet er eit minstekrav, og byggenæringa kan velje å sortere meir av avfallet på byggeplass, der det ligg til rette for det.