Sigbjørn Framnes (FrP): Vil statsråden foreta seg noko for å lempe på reinsekrava der dei er openbart uhensiktsmessige, slik som her, om ikkje, vil statsråden ta initiativ til å innføre ei støtteordning for kommunar som får enorme og unaudsynte ekstrakostnadar som følge av direktivet?
Begrunnelse
Stord Kommune er ein av fleire kommunar som er råka av Stortinget si innføring av EU sitt vassdirektiv. Kommunen har tettstad med meir enn 10 000 innbyggarar, som gjer at ein får spesielle reinsekrav på avløp, krav nabokommunane ikkje får.
Stord er i denne samanheng uheldige, ein er ein liten kommune med spredte utsleppspunkt frå tettstaden, men sidan tettstaden er samanhengande blir ein pålagt svært strenge reinsekrav. Kostnaden per innbyggar blir difor svært høg - kommunale avgifter i Stord kan fort bli 25 000 i året når dette er gjennomført.
Resipientundersøkelsa (mellom anna av Bømlafjorden) viser i at det ikkje let seg gjere å påvise noko større påverknad av dagens ureinsa utslepp. Vassdirektivet ser ikkje ut til å skilje mellom Bømlafjorden og Rhinen, noko som synes lite hensiktsmessig.
Kostnaden for reinsing blir fleire hundre millionar kroner, som innbyggarane må betale over sjølvkost. Sidan ein ikkje kan påvise større negativ påverknad av dagens ureinsa utslepp kan ein sjølvsagd heller ikkje påvise noko forbetring av situasjonen ved å investere i reinseanlegg. Kost-nytte vurderinga vil difor vise at kostnaden langt overstiger nytta.